søndag 31. oktober 2010

Heim Kjære Heim

I helga har me vore heima hos mamma og pappa. Der er det alltid godt å vera :)
I dag var eg og mamma ute og rei på Gulli og Svarten. Veldig kjekt!



lørdag 30. oktober 2010

Prosjekt blogging

For å lette på skrivetrangen og inspirert av tre kusiner har eg no oppretta min eigen blogg. Eg og min kjære driv for tida og flyttar frå Bergen til Herøysundet, der me skal bu i eit koselig lite hus. Det trengs forøvrig ein god del oppussing før me kan flytte inn, så for tida er det dette som opptar meg mest.
Mange timar dei siste vekene har gått med til  maling. Stoveveggen blei lys med eit hint av lilla i.
 Flaks at tak og golv skal skiftast ut, så kan eg søla så mykje eg vil :)

Kjøkkeninredninga blir raud. Synes det ser lovande ut, men her trengs fleire strøk med maling.