mandag 27. desember 2010

Endelig i hus :)

Forige tirsdag var vatnet på plass og me flytta inn i huset. Det var deilig å endelig vera på plass. Me fekk ein noko dramatisk start på det heile, då me første natta vakna av rennande vatn. Vannlekasje igjen! Me kjende oss noko motlause der me sat og vrei opp fille etter fille midt på natta. Oppussinga me var heilt ferdige med, blei satt tilbake eit par hakk. No har me framleis det eine gjesterommet igjen, som foreløbig står på tørk. Hell i uhellet at dette var det einaste rommet me ikkje hadde flytta ting inn på.
Her kjem ein liten rundtur i huset:
       


       

På soverommet har me lagt nytt golv, reve vekk dei innebygde skapa, tapetesert og sparkla og mala taket. I tillegg er vinua skifta i alle rom.


Gangen er malt i vegger og tak.



I stova har me malt på den gamle strietapeten. Nytt golv og nytt tak og brannmuren er fiksa på.
gløymte å ta før-bilete av stova, så dette er eit under arbeid.


Kjøkkenet er nok det rommet eg er mest fornøyd med. Urulig kva ein kan gjere med litt maling!



fredag 17. desember 2010

mitt siste strikkeprosjekt

Eg likar godt å strikke og har som regel eit strikkeprosjekt liggande. I går kveld blei eg ferdig med dette settet som eg har strikka på i haust.


Det er strikka med alpaca-garn og oppskrifta er frå DROPS design. Der er det mange fine oppskrifter, og dei er heilt gratis :)

tirsdag 14. desember 2010

Travle dagar

Denne siste veka har flydd forbi, lite tid til blogging. Sist onsdag hadde me utrykning til byn, etter ein telefon frå naboen om at da draup vatn i kjellaren frå leiligheten vår. Me heiv oss i bilen til byn. Må innrømma at eg ikkje klarte å leva etter "hakuna matata" når me satt i bilen. Var ganske beskymra og nervøs for kva som venta oss. Me kom fram til vannlekasje på kjøkkenet, men heldigvis ikkje veldig mykje vatn. Så me håpa skaden ikkje e alt for stor.
I helga kom heile familen Flint ;) på besøk i byn, noko som er blitt ein årleg tradisjon før jul :) Akvariet, pepperkakebyen og juleshopping sto på programmet, desverre blei eg forkjøla og var eit heller slapt vertskap! 
På søndag satte me alle mann i arbeid og fekk pakka med oss mykje av flyttelasset. Har begynna å få på plass litt ting i huset, så da begynne å likna på ein heim no :) Arbeidet med badet blei jo forsinka forige veka, men no e da ferdig plata. Flinke mannen min :)

søndag 5. desember 2010

Ei super helg :)

Denne helga har eg vore i Bergen, har vore på to julebord og besøk hos ei god venninde. På torsdag var det julebord med gamle kollegaer frå Wergeland på Dickens. Veldig koselig å sjå dei igjen og eg savna dei og jobben endo litt meir :)


På fredag var eg på lagunen og fekk gjordt litt ærend. Da vil sei eg fekk sost litt rundt og egentlig ikkje gjordt halvparten av det eg skulle. Ikkje fann eg gardiner heller. På kvelden besøkte eg mi gode venninde. Sist eg var der spurte hennar 3 år gamle datter om eg ikkje kunne sove hos ho, eg svara at det får bli ein anna gong. Så denne gongen var ein anna gong og eg var på overnattingsbesøk :)

julekortproduksjon

Etter eg har flytta frå byn er eg no blitt ein reser på å køyre i byn! Litt ironisk, det er jo ikkje meir enn eit par månader sidan! Då kvidde eg meg for kvar gong eg skulle ut og køyra og køyreturane var prega av nervøsitet. No har eg bare satt meg i bilen og ikkje tenkt særlig meir øve da! I går starta eg dagen på Ikea. Ikea ein lørdag i desember! Eg trakk pusten før eg gjekk inn og tenkte at no e da bare til å bevara roen og ikkje la deg stressa! Da gjekk faktisk øverraskande greit, sjølv om eg kjente irritasjonen stiga litt når folk satt handlevogner i frå seg slik at dei sperra vegen for alle andre!! Fekk ikkje tak i alt eg hadde tenkt her heller men litt fekk eg no med meg ut att. På parkeringsplassen traff eg tilfeldigvis på søstera mi Anna og kjæresten Sindre. Fleire som synes Ikea på ein lørdag i desember var ein god ide :) Og etterpå møtte eg søstera mi Karna og min veldig sjarmerande tanteunge :)
I går kveld var det klart for julebord nummer to. Vennindejulebord med tre gode venner :) Me pleie sjelden å klara å treffast alle samtidig, men fekk det altså til no! Me var på Bølgen og Moi og åt. Nydelig mat og fantastisk service! Veldig kjekk kveld jenter! Da må bli ein årleg tradisjon!



I dag har eg sove lenge og no skal eg rydda litt i leiligheten før eg reise på heim igjen.

onsdag 1. desember 2010

Søte svigermor-nissen:)

Svigermor er veldig gla i jula og her i huset dukkar det opp nisse etter nisse, juleserviset er på plass og julebaksten er i gang. I dag tidlig hang det 3 pakkar på kjøkkenet til ungane i huset (min kjære, hans bror og meg:)  frå nissen! Veldig kjekt :) (Da var vist opprinnelig 4 pakkar, men største ungen hadde allerede reve opp sin når eg sto opp)


I pakken var det ein flax-adventskalender

sjefsnissen er på plass :)