tirsdag 30. november 2010

Da nerma seg!

No begynne fleire rom å nerma seg ferdig. Litt småplukk gjenstår her og der. Badet er det største prosjektet som står igjen, men i dag er dei siste flisene på golvet lagt. Håpe å bli ferdig med da me kan gjera sjølv i løpet av neste veka.



I helga skal eg leite etter gardiner til stova og i dag har eg kjøpt lamper på nettet. Glede meg til å begynna å innreda.

søndag 21. november 2010

Julegavehandel

I helga har eg vore i byn på julegaveshopping ilag med mi kjære søster Karna :) Eg e ganske imponert øve meg sjølv! Godt i gang med julehandelen i november! Eg pleie vanligvis ikkje ha begynna å tenka på det før godt uti desember. Då blir det ofte litt stress med heile handelen. No kan eg meir kose meg med tanken på å gi dei vekk :) Har endo nokre pakkar igjen til neste bytur.


Toys'R'us e ein sikker vinner til store og små :)

onsdag 17. november 2010

Fargar

Det er ikkje lett med desse fargane. Dei ser ganske annaleis ut på den vetle fargekartlappen enn dei gjer når dei kjem opp på veggen. Eg har blitt overraska fleire gonger under dette prosjektet. Først var det stova som blei meir lilla enn eg hadde sett for meg. Men eg blei no fornøyd likevell. I går skulle eg velge ut farge til det eine soverommet, som eg har tenkt å bruke som syrom. Eg hadde ikkje tenkt noko særleg over kva farge eg ville ha før eg sto i butikken. Der sto det til slutt mellom to fargar, ein blå og ein beige/brun. Butikken stengte snart så eg måtte ta eit kjapt valg. Eg valgte den brune og angra meg med ein gong eg kom ut i bilen! Eg skulle ha tatt den blå :) Når fargen kom på veggen angra eg endo meir, då den blei ganske annaleis enn eg hadde sett for meg. men men pytt sann! Det får bli som det blei, så får eg heller pynta opp med interiøret. Gledar meg til å få eit eige rom til symaskinen og litt orden i sysakene!

lørdag 13. november 2010

Vindua på plass!

I dag har Per Helge og Pål Helge fått skifta alle vindua i huset! Me hadde forventa at det skulle vera lenger leveringstid på vindua og hadde belaga oss på å ta dei etter me hadde flytta inn. Men no kom dei allerede tidligare denne veka. Raskt levert av Kvinnherad bygg :) Ser ut som me klarar å få det meste ferdig før innflytning denne gongen. Forige oppussingsprosjekt budde me midt oppi, deilig å sleppe det :)


Har fått bytta eine vindauge med ei dør ut til den framtidige terassen

 Eg sjølv har vert med svigerfar på tur til "farmor" i Rosendal. På veg ut var me innom Kvinnherad bygg og fekk kjøpt inn diverse varer. No er baderomsplater og fliser bestilt. Så alt er klart til sementen har tørka seg ferdig. Nett det skal vist ta meir tid enn forventa... men det er nok å henga fingrane i i mellomtida.

Svigerfar står på og maler! Super hjelp :)

Eg har mala andre støket i gangen i dag. Den blei veldig lys og fin. I dag har eg hatt god hjelp av ei kjekk lita jente :) Takk for hjelpa!

onsdag 10. november 2010

Bonden min

Det var ein gong ein liten byggefelt-gut som hadde så lyst til å bli bonde. Han gjekk frå gard til gard og jobba og sleit og ønsket om å bli bonde bare vaks etter som åra gjekk. Etter å ha jobba i mange år hos ein likande bonde innante, er han no eit steg nermare draumen. I går hadde me takstmann frå Tveit reknesksap med og såg på garden. Om ikkje lenge får me taksten i hende. Spennande tider framøve!



Frustrasjon!

Ikkje alle delar av ei oppussing kjennes like meiningsfult. I går brukte eg laaang tid på å pirke vekk noko maskeringstape som hang veldig godt fast. Kjende eg blei sur og lei! Då er det kjekt å ha ein kjæreste som trøstar og viser forståelse, og som set meg til å gjere ulike snikkeroppgåver istaden. Endo me begge veit han hadde gjordt det mange gonger fortare sjølv :) Meir meinigsfult kjendes det iallefall, kjekt med litt utfordringar. Så får eg heller pirka meir tape i dag :)

søndag 7. november 2010

Tank You for the Music!

I går var eg på MAMMA MIA forestillingen i Vestlandshallen, ilag med mi gode venninde Linn :) Da va veldig kjekt! Utrulig flinke folk! E så kjekt å gå på sånne ting, får ein skikkelig energiinsprøyting!


Musicalen minna meg om ferieturen eg og mamma var på til Skiathos, der filmen mamma mia var innspelt. Det var ein sommar når eg gjekk på ungdomsskulen. Eg var frustrert fordi eg ikkje hadde nokon ferieplanar, så mamma lurte på om det var godt nok å reise ilag med ho. Det var det :) Me fann ein restplass tur og reiste avgårde. Det var min første sydentur og Skiathos var ein utrulig flott plass. Det var ein veldig kjekk ferie mamma :)

fredag 5. november 2010

Maleri

Dette biletet kjøpte eg for fleire år sidan på eit utsalg som arbeidsstova på Valen sjukehus hadde, då eg hadde sommarjobb der. Eg falt veldig for dette biletet med ein gong eg såg det. Desverre er det aldri komme opp på veggen fordi eg ikkje har sosa meg til å få det ramma inn. Det gjorde eg noko med denne veka. No har eg levert det inn til "Ramme Service" i Olav Kyrresgate, der eg fekk god hjelp til å velge ut rett ramme. Eg er veldig spent på resultatet og gledar meg til eg kan hente det ferdige produktet.


onsdag 3. november 2010

Bergen

I dag er eg tilbake i Bergen ein tur. Deilige Bergen by! Sidan huset vårt ikkje er klart til å flytta inn i, har me heller ikkje flytta ut frå leiligheten i Bergen. Så det kjennes fremdeles som å komma heim når eg er her. Men det er selvfølgelig ikkje det samme utan deg min kjære. Glede meg til vår nye heim er klar til å tas i bruk :)