torsdag 27. januar 2011

tomt for brød! What to do?

I dag vakna eg opp til ei tom brødskuffe! nei ok, det låg ein gammal skalk der, men den frista lite. Kva gjer ein i ein slik situasjon??


Lag deilige knekkebrød til frukost.


Sett i gang og bak.



 Gå ein tur medan brøda hevar seg.


Tips: ta med speilreflekskamera. Såg mange gode motiv som ikkje lot seg fanga med autofokus, som sjølvsagt hadde blitt perfekte om speilrefleksen hadde vore med ;)


Sett marihøna på 45 min


Og vips, der har me sikra brød til frukost i morgon!


Ein noko meir lettvindt måte å løyse problemet på er jo å køyre på butikken og kjøpe eit brød, men det blir jo langt ifrå like underholdande.

søndag 23. januar 2011

Dagens visdomsord

Om snarvegen er dekka av is, kan det lønna seg å gå rundt.
-Olaug, 2011-



Har hatt ei kjekk helg i Bergen, med feiring av bursdag i lag med min kjære.

onsdag 19. januar 2011

Flatpakka


På søndag var eg storfornøyd med alle ikeaeskene me hadde fått i hus. Ikea har eit genialt system synes eg. Mykje fine møblar, billig (sjølv om det blir ein del pengar av det når ein fyller opp ein hiace), alt på lager og lett og få med seg. Men ein er jo ikkje ferdig når ein har fått dei i hus... det er vel eigentlig då jobben begynner. Så no skrus da her i huset. Endo er det fleire esker som ligg og ventar. Eg likar egentlig godt å skru og eg, men når til og med dokosten er flatpakka har dei kanskje dradd det litt langt?


 På kjøkkenet har me supplert med ein ny kjøkkenbenk. Me hadde litt lite benkeplass og litt for lite skuffer og skap, men no er det blitt bra.


Vintrineskap i stova


Vinen er komme på plass. Vinhylla frå Åhlens er plassert inni vitrineskapet.


Dokosten ferdig montert :)

søndag 16. januar 2011

Hyttekos og trollungar ;)

Fredagskvelden kom me fram, etter å ha traska og båre heile dagen. Fekk fyr i peisen og fann fram radioen. Ein delig hyttefølelse breidde seg i kroppen. Her har me da godt og kan slappa skikkelig av :) Ekstra deilig er det at "hytta" ligg i Bergen by og timar med trasking og bæring på Ikea låg bak oss. No har me fått alle eskene i hus og da va ikkje få, skikkelig storhandel har me vore på. Resten av helga har me vore hos søstera mi i Kvam. Først som barnevakt for dei to tullene på lørdag og i dag var det klart for 3-årsdag. Gratulera med dagen vennen :) Du e super herlig :)
Me vurdere ein ny tur på hytten (uttales med bergensaksent) til helgo.

 Vår spartansk inredde leilighet har no ei seng i stova, eit bord, ein kommode, ein radio og ein vedovn :)

 Barnevakten i aksjon


Ut på tur med baby på ryggen

onsdag 12. januar 2011

Ein god kopp te :)

Eg likar å starte dagen med ein god kopp te. Ein perfekt start på dagen!
 Denne koppen er min absolutte favoritt-tekopp. Den er stor og god og så er den jo veldig stilig. Fekk den til bursdagen min for fleire år sidan av ei god venninde, og den har vore flittig i bruk heile tida.


 Til jul fekk eg denne stilige teboksen. Eg hadde boksar av denne typen på ønskelista mi, og fekk mange forskjellige. Denne boksen fekk eg med mykje god te til. Eg er veldig glad i å prøva ut ulike typar te og her var det mykje forskjellig.


Blandt anna fekk eg Yogi-te i mange ulike smakar. Likar godt at kvar tepose eit lite sitat på seg.
Dagens sitat var:
"those who love themselves can share love".


Eg pleier og å kjøpe te i lausvekt. Min favorittbutikk for det er herskap og tjenere, den koselige butikken som ligg øverst i galleriet i Bergen. Der er det mange spenande smakar og eg kan kjøpe så mykje eller lite eg vil, slik at eg kan prøve ut mykje forskjellig utan å måtte kjøpe ein heil pose. I tillegg har dei jo masse stilige ting og kler.

søndag 9. januar 2011

Interiør

No begynner det å komme på plass meir og meir i huset. Eg fann ingen ferdigsydde gardiner eg var fornøyd med nokon plass, så denne veka har eg sydd gardiner. Soffet kjøpte eg på kulør i Rosendal.

Dei nye lampene er og komme på plass.


Då gubben skulle stelle heime... kom det eit kuskinn på golvet!

Eg trur nok eg hadde plassert da i eit anna rom, men eg venner meg til det. Han kjente jo tross alt kua då ho levde ;)

tirsdag 4. januar 2011

Gamle folk

Eg har ein fasinasjon for gamle folk. Eg synes dei er så herlig skjønne! Ja eg veit da e ganske generaliserande, men stort sett er det slik. Eg er fasinert over rynkene, korleis ein synk saman i kroppen og ikkje minst augene, der all livsvisdommen sit. I mange kulturar er dei eldste verdsatt høgast av alle. Her er dei ofte sett på som ein belastning og ein utgiftspost. Det synes eg er synd. Så mykje erfaring og kunnskap dei sit med og så mykje dei har bidratt med, har dei krav på all respekt og verdighet dei kan få. Iallefall blei eg veldig glad når eg kom over denne bloggen http://advancedstyle.blogspot.com/ Det er vist fleire som deler min fasinasjon :)

bildet er lånt frå "Advanced Style"

lørdag 1. januar 2011

Godt nyttår!


Eit nytt år står for døra og det ukjente ventar. Tida er inne for nye draumar og eit tilbakeblikk på året som gjekk. Nokre intrykk frå tjueti: snø, 25, gode venner, sørlandferie, Green Day, trening, kvalme, nytt tantebarn, forlover, utdrikkingslag, bryllup i Frankrike, jentetur til London, gravide venninder, kjekk jobb og gode kollegaer, arbeidsledig, ny jobb, oppussing, vannlekasje, frå Bergen til Kvinnherad.
Det nye året blei tatt i mot heime i dalen saman med alle søstrene med sine respektive.
Ønsker alle eit strålande godt nyttår!