søndag 27. mars 2011

Ut på tur :)

Eg likar godt å gå på fjelltur. Her har eg mange turmulighetar rett utanfor stovedøra.

 Brakhaug er ein fin liten skogstur som ligg rett bak huset. Ganske bratt opp, så kondisen får kjørt seg. Fin tur å gå ein formiddag før seinvakt.

 Fjelltrimgruppa har lagt ut bøker på kvar ein topp. Her gjeld det å samla nok poeng.

 Utsikten frå toppen

På fredag gjekk me til Gråskallane, fyrste gang for meg. Ein veldig fin tur og kjempe flott utsikt frå toppen. Var litt isete oppover fremdeles, håpar det forsvinn snart.

Litt kald vind på toppen

No ser eg fram til all snøen forsvinn, så eg kan utforske dei høgare toppane i bygda.
God tur :)

lørdag 26. mars 2011

Absolutt Velvære


Varme oljer - Deilig massasje - Beroligande toner - Total avslapning

 Dette oppsummerer gårsdagens opplevelse. Då var eg på Mona Lisa hud og spa og fekk aromaterapi, noko eg virkelig kan anbefale vidare. Treng å skjemme oss sjølv bort av og til. Eg tenkte på førehand at 90 min kunne bli litt i lengste laget for ei behandling, men då den var ferdig kunne eg gjerne ha ligge der lenger. Etterpå var eg både avslappa og full av energi! I tillegg kom våren fram og gjorde dagen herlig!

torsdag 24. mars 2011

Hjelp, eg må ha briller!

Eg har snakka om i eit par år no at eg begynne å sjå dårligare og burde tatt meg ein synstest. Eg har kvidd meg sånn for å få briller at eg bare har utsatt da. Men i dag har eg altså vore. Sto ikkje så aller verst til med synet, men briller skal eg ha. Må heldigvis ikkje bruke dei heile tida. Eg klarte ikkje å velge ut briller på butikken, så eg fekk med meg nokre heim. Eg like egentlig ingen av dei spesiellt godt, men da va no dei beste ho kunne finna til meg (eg prøvde mange!)  


No treng eg hjelp til å velga ut kva eg skal kjøpa! Kan få to for prisen av den dyraste. Grønn lapp = 795,- Svart lapp = 1795,-

mandag 21. mars 2011

Ein hjortekommune

Kvinnherad er ein kommune med mykje hjort.
Dei er ei plage for mangen, øydelegg avlingar og et opp blomebedd.
Men flotte dyr, det er dei.
Me fekk auge på ein hjort som sto heilt i vegkanten i går. Då me stoppa opp gjorde den eit par buks opp i skråningen og stilte seg opp og såg på oss.
Litt lenger oppe i skråningen sto ein til. Me blei ståande å sjå på dei i rundt eit kvarter. Me rulla opp vindauga, tok bilete og snakka høgt, men ingenting såg ut til å sjenere dei.
Då eg tilslutt prøvde å gå ut døra for å komme endo nermare, fekk dei nok og sprang litt lenger opp i skråningen.

foto: Per Helge

Foto: Per Helge

tirsdag 15. mars 2011

Fotoprosjekt - kvitbalanse

For å bli betre kjent med kameraet mitt, har eg tenkt å ha eit lite fotoprosjekt der eg tar for meg ulike funksjonar eller motiv og trenar på desse ein periode.
Eg startar med kvitbalanse. Det er ikkje alltid kameraet fangar fargane i eit bilete slik du ser dei sjølv. Dette kjem av at ulike lyskilder har ulik farge, men hjernen vår korrigerer fargane i ulike lysforhald, slik at kvitt ser kvitt ut uavhengig av lyskilda. Du kan bruke kvitbalanse for enten å få fargane så likt slik du ser dei eller for å skapa dramatiske effektar.
Bli gjerne med på prosjektet! Eller kom med forslag til andre tema.
(På grunn av tregt internett fekk eg ikkje lasta opp bilder i dag, kjem seinare :)

søndag 6. mars 2011

Plutselig ny sofa

Me har snakka om å få oss ny sofa, då dei me har ikkje passar heilt inn i denne stova. I tilegg har eg hatt lyst på ein kosekrok i sofaen. Så då me var i Bergen i helga gjekk me innom Living for å kikka. Der var det salg gitt, og ein dyktig selgar seinare hadde me fått oss ny sofa. Den var ikkje heilt slik me hadde tenkt oss på førehand, verken i farge eller utforming, men den hadde kosekrok og 10000 i avslag! Så no gledar me oss til å få den på plass og er spente på korleis den vil passe inn.

onsdag 2. mars 2011

Kyllinggryte

Eg er glad i mat! God mat er best. Likar å lage mat og, men synes det er greit det ikkje tar så lang tid, spesielt i vekene. Det kjem nok av at humøret kan bli dårlig utan mat i sikte. I dag laga eg ei deilig kyllinggryte som er enkel og rask og lage. Takk for oppskrifta til min gode kollega på Wergeland :) Har vore mykje i bruk her i huset.


Så enkelt er det:
Skjer kyllingfiletar i bitar - steik dei
Steik det du liker av grønskaker - i dag hadde eg løk, sopp, gulrot, gul og grønn paprika
Tilsett ein desj sweet chilli saus - ver forsiktig, det kan fort bli for sterkt
Heilt mot slutten tilsett ein større desj creme fresh
serverast med ris, pasta eller som eg gjorde i dag pomes frites
ET og ver glad!

mmm mjelk

Deilig fersk mjelk
rett frå kua
mmm det var lenge sidan
fekk sikra meg litt
etter helgas sti
så søt og feit og god
med minner frå farne tider 


Det beste med skikkelig mjelk er at maten du lage med den bli så god! I dag blei det deilige pannekaker til frukost.