mandag 23. mai 2011

Deilige Danmark

Du veit den delige følelsen av å komme ut av eit fly og varmen bare slår i mot deg? Va vell ikkje heilt sånn, men ikkje langt i frå, når me kom til Danmark i helgo. Me reiste frå surt og kaldt regn og landa i sol i sommerland :) Turen gjekk til Odense, på besøk til Hedda og Martin.

Toget frå Kjøben

 Sigthseeing i Odense




  
Etter eit inngåande studie i danskane sin drikkekultur kom me fram til at den er ganske lik vår eigen. Største forskjell er at dei går ut når me går heim. Så nordmenn som hadde vore på reis sidan klokka 5 om morgonen blei i overkant trøtte ;)

  
 Frukosten blei servert ute kvar dag, med ferskt brød frå bakeren :)

Deilig vær, flott plass, god mat, kjekke folk! Ja da e deilig å vera norsk i Danmark :) Takk for ei fin helg!

mandag 16. mai 2011

Velkommen til verden!

Det er komme ein ny baby i vennegjengen. Var og helste på han og dei nybakte foreldra på lørdag. Eit herlig lite nurk. Gratulera så mykje!


Baby på veg er jo ein fin mulighet for eit nytt strikkeprosjekt. Kjekt å strikke gaver til dei små :)


Opskrift på denne jakka fann eg på DROPS Design. Strikka av noko Dale babygarn eg hadde liggande. Litt skummelt å strikka med restegarn, for eg var ikkje heilt sikker på om eg hadde nok. Det gjekk akkuratt med litt juksing. Dette var ei ganske enkel jakke, som var kjekk og strikke. Strikka først dei to framstykka og satte så alt på ein pinne, slik at armar og rygg blei strikka i eit. Kjekt med ein ny vri og så blei det jo mindre å montere etterpå (phu!).


 Denne jakka har også heklekant rundt. Hekling har eg drive veldig lite med, så eg var litt spendt på korleis det skulle bli. Viste seg at eg synes hekling var kjekt, så no har eg sett meg ut ei veske eg vil hekle meg som neste prosjekt.

søndag 15. mai 2011

Eurovision Song Contest

I går var eg på Eurovision party hos mi gode venninde Kjersti saman med ein gjeng flotte jenter :) Litt skeptisk på førehand, men instillt på å legge fordommar til side og leva meg inn i Grand Prix verden med all dets glitter og stas. Med poengark og ei super engasjert vertinne måtte ein bare la seg rive med. Kostymer, musikk og framføring blei nøye vurdert og nokre av sangane var jo riktig så fengande. Poenga satt lausare etterkvart, sjølv om eg fekk skjeft for å vera for streng. Etter ein uforglemmelig quiz som pauseinnslag, havna mine favorittar langt nede på lista og det såg ei stund stygt ut som at Sverige skulle vinne!Men Aserbajdsjan seilte forbi som rett var :) Trur rett og slett eg er blitt bitt av basillen ;)


Kvelden enda på Pingvinen, med verdens beste popcorn!

fredag 13. mai 2011

Alle, Nokon, Einkvar og Ingen

Dette er ei historie om fire menneskjer:
Alle, Nokon, Einkvar og Ingen.
Det var eit viktig arbeid som skulle gjerast,
og Alle var sikker på at Nokon ville gjere det.
Einkvar kunne ha gjort det,
men Ingen gjorde det.
Nokon blei sint på grunn av dette,
for det var Alles jobb.
Alle trudde Einkvar kunne utføre det,
men Ingen forsto at Alle ikkje ville gjere det.
Det endte med at Alle bebreida Nokon
då Ingen gjorde det Einkvar kunne ha gjort.
- ukjent -
(for anledninga omskrive til nynorsk)

Ei fin lita histori synes eg, og lett og kjenne seg igjen i. Her i huset er det nok litt sånn når det kjem til rot og rydding. Ein dag gjekk det over alle støvleskaft og min kjære ymta frampå at kanskje me skulle hatt nokre husreglar? (Her i huset er det nemlig han som har den best utvikla ordenssansen ;) Eg reagerte med å bli fornerma; for det er jo ikkje bare mitt rot! Det var jo heller ikkje det han sa, men det var det er høyrte.
Det viste seg at nokre enkle reglar kan ha god effekt. No er kjøkkenet så reint og ryddig att! Iallefall for ei lita stund...

Alle blei glade då Nokon gjorde det Ingen ville og Einkvar kunne latt væra.

mandag 2. mai 2011

Fotoprosjekt - Bevegelse

Nytt fotoprosjekt på gang. Denne gongen skal eg trene på å få fram bevegesle i bilda. Det er mange ulike måtar å gjere det på, blandt anna panorering, som vil sei at du følger objektet med kameraet slik at objektet blir klart og bakgrunnen blir uklar. Ein anna ting eg vil prøve meg på er bilder av rennande vatn. Det lærte eg då eg gjekk på fotokurs, men når eg har prøvd etterpå har det bare blitt kvitt.

 No har eg kjøpt meg fotostativ, så eg er klar til å gå ut og ta skarpe bilder :)

Eg har også kjøpt dei tre bøkene til Scott Kelly om digital fotografering. Bøkene er lettleste og morsomme, og beskriv korleis du skal ta bildene i praksis, veldig inspirerande. Han kjem også med mange forslag til utstyr som er kjekt å ha, så no er ønskelista utvida seg.