mandag 27. juni 2011

netthandel

Har virkelig slått meg på netthandelen etter eg flytta frå byn. E jo så kjekt å få pakkar i posten :) Og så mykje fint ein kan få tak i der ein sitte godt tilrette i sofaen. Her ein dag fekk eg to pakkar i posten, yeey! Einaste som e litt kjedelige med  å få pakke i posten e jo at da e 1 mil til postkontoret.

Då veie da jo opp å få ein rosa prikkette pakke :) Ååå så kjekt med gave! Tenker eg, sjølv om eg veit jo godt at eg har kjøpt og betalt den sjølv ;)

Inni den prikkette pakken frå Frøken Fryd var denne fine kortholdaren, som har fått plass på kjøkkenet. Den var litt mindre enn eg trudde, men blei veldig fornøyd likavell. Men sånn e da jo med netthandel, du veit aldri heilt kva du får. Har gjordt nåken bomkjøp og der farge, fasong eller kvalitet e ein heilt anna enn da ser ut som.

Den andre pakken var i frå Stoff og Stil, som hadde salg. Da e jo alltid kjekt med salg! Så no skal da bli nye trekk til sofaputene. Snart. Ein gong iallefall. Har eit par andre prosjekt liggande i skapet på syrommet, så får sjå kva som blir gjordt fyrst. E jo veldig inspirerande med nytt stoff så kanskje da blir sofaputene likavell ;)

fredag 24. juni 2011

Retrostilen og moten som stjal sjarmen


Eg elskar retro!
Har vore fasinert over gamle ting så lenge eg kan huske. Ei god blanding av 50-,60- og 70-talet. Både kler og interiør. Er nok spesielt glad i Rockabilly stilen, men også andre periodar har sine godbitar. Eg har LENGE drømt om eit rom, som skal vera bare mitt, i eit framtidig hus, som eg skal innrede med lopper frå ulike tidsepokar utan det minste system og matching.
No er retrostilen på mote. I starten synes eg det var fantastisk! Godbitar overalt!
Men så synes eg det begynna å bli litt for mykje, litt for lett tilgjengelig.
Då forsvant også sjarmen.
Eg synes det har gått litt for langt når heilt nye møblar i møbelbutikken ser gamle og slitt ut! Kva er vel poenget med det??



Dette er for all del ikkje meint som kritikk til dei som har hive seg på retrobølga, for det skjønar eg jo godt, det er jo så mykje fint! Men for meg har altså denne moten hatt motsatt effekt.
Det som er så greit med motar er jo at dei stadig endrar seg. Så no håpar eg at når denne moten forsvinn, kjem sjarmen tilbake og eg  kan fortsetta å drøyma om rommet eg ein gong skal få...

torsdag 16. juni 2011

meir padling

I går var me på kajakkurs i regi av Kvinnherad turlag. Der fekk me læra ulike padletak og redningsteknikk. Veldig kjekt å få ei innføring i korleis det skal gjerast. Eg fekk og prøve korleis det er å kantre båten og komme seg utav den under vatn. Fant ut at det var kaldt, så eg trur eg droppar å kantre meir før det blir varmare i vatnet ;) Har kvidd meg litt for å padla på sjøen, på grunn av bølgene, men det var jo bare kjekt! Kurset var på Sunde, ein veldig fin plass for padling! Me fant jo selfølgelig og ut at me må skaffa oss meir utstyr, det finst jo så mykje ein kan få brukt for!
Desverre har eg ingen bilder i dag for det vanntette rommet eg la kameraet mitt i var vist ikkje heilt tett likevell, så kameraet ser ut til å ha tatt kvelden :(

lørdag 11. juni 2011

Eit bilete på snei

 Her ein dag laga eg meg ein fotovegg i gangen. Eg fann fram metermål, blyant og laser (!) for her skulle da ver nøyaktig. Eg hadde til og med kamera på plass med sjølvutløyser for å finne den rette høgda å henga bileta i.

Eg begynna med å legga bileta i ulike mønster på golvet til eg fann ut korleis eg ville ha det. Sidan alle rammene var i forskjellig form og størrelse fann eg ut at det beste var å la dei gå ut frå ei felles midtlinje. Tanken er at eg kan bygga på med fleire bileter etterkvart. Så var det i gang med måling på veggen, noko eg gjorde meg flid med. Vanligvis pleie eg å ta da litt sånn på cirkusen, men no ville eg prøva å få da beint. Til tross for alt forarbeidet, trur du ikkje da blei litt skeivt likavell?

Utenom da e eg ganske fornøyd med resultatet. Ser i ettertid at dei heng litt lågt på veggen, men då passe dei jo til høgdo mi :)  Blir med ein gong meir heimekoselig når bileta kjem på plass.

mandag 6. juni 2011

Jomfruturen

Eg er blitt reder. Eg har gått til anskaffelse av ein flåte beståande av to båtar. Flotte er dei. Av typen kajakk :) I går etter stietid prøvde me dei for første gong.


 Tenkte det var greit å begynna på eit vatn, så me satte dei ut på Opsangervatnet. Etter ein litt nervøs start tok me like godt å padla rundt heile vatnet! Kan sei musklane verka etterkvart!

 Den fornøyde redaren ;)


Idyll!
 Når eg såg bort frå verkande musklar var det ein flott opplevelse! Gledar meg til fleire stunder i kajakken :)


Sjølv om eg ikkje havna uti vatnet (ikkje verst bare det!), var eg kliss blaut når turen var over. Spruttrekk er nemlig sånne avanserte greier som ein ikkje prøver seg på første turen!?! Det merklige var at dei andre var heilt tørre... E vist ikkje meininga å ause vatn opp i båten med årene... Ja ja ein lærer så lenge ein lever :)

onsdag 1. juni 2011

Jeg satte brillene på min nese...

Etter utallige besøk i diverse brillebutikkar klarte eg endelig å bestemme meg for kva briller eg skulle kjøpe. Klarte ikkje å bestemme meg for bare eit par, så då passe da bra at specsavers har ta to betal for ein :)
Her er resultatet:


Eg har endo ikkje glømt brillene eller måtte leite etter dei, noko eg har mistanke om at kan bli eit problem... Men ting kan tyde på at eg er blitt litt for opphengt i brillene etter kommentaren: "unnskuld eg høyrte ikkje kva du sa, eg var oppatt med å pusse brillene mine".  *tihi*