torsdag 6. oktober 2011

Ryddebyge og sofaputer

Plutselig kjem den over meg, Ryddebyga. Ei veldig trang til å rydde pressar seg på. Eg får masse energi som MÅ kanaliserast i rydding. Den kjem heilt utan forvarsel og i ulike samanhengar. Muligens blir det utløyst av rot, men det er ikkje automatisk sånn at om det er rot så kjem den. Då hadde den nok komme oftare.
Det går unna i ein fei, eg gjer mange ting samtidig og nermast kosar meg med det. Det gjeld å utnytte byga når den først har meldt sin ankomst. For plutselig blir den vekke, like fort som den kom. Helst før eg blei ferdig med det eg begynna på. Iallefall før eg blei ferdig med alt som skulle vore gjordt. Så står eg der aleine tilbake, med eit berg av arbeid som skal gjerast, og alt er like kjedelig igjen.

Ein rydda versjon av stova, med nysydde puter i sofaen. Håpar me ikkje blir veldig lei av lilla med det første.