onsdag 29. februar 2012

Karneval i Rio

Fredag satte me oss på bussen tilbake til Rio De Janeiro. Me kom oss greit fram til Art Hostel, som ligg i Catete. Der blei me møtt av hyggelig personale og for fyrste gong på turen var alt i orden med bookinga.
Fyrste kvelden fekk me tips om å reise til Lapa, som var like i nærheten. Der satte me oss på ein fortausresturant og betrakta folkelivet. Det var fullt av utkledde folk i alle former og fasongar, gamle som unge, frå veldig gjennomførte kostymar til ein enkel hatt. Stemninga i byen var ekstatisk, alle var blide og glade! Etter ei stund tilslutta me oss folkemassen og gjekk litt rundt og kikka. Me fekk veldig mykje oppmerksomhet og til tider blei det litt vel intenst for ei stakkar bondetaus ;)

Linn blei dradd med i ein dans på gato

Lokal parade

Dagen etter gjekk me på sightseeing i nabolaget, blandt anna gjekk me opp trappa i Santa Teresa. Me fekk stedig kommentarar på at me ikkje hadde kostymar på oss, så me fant fort ut at me måtte gå til innkjøp av kostymar for å blanda betre inn. Me fann ein superkoselig liten butikk, driven av tre damer, den eine satt og sydde kler, den andre ekspiderte oss (hjalp oss av og på med kler) og gamlemor sjølv satt på ein stol og smilte og såg på. Eg, Martine og Linn Jeanette kom ut med kvar vår superstilige heimesydde kjole. På gato kjøpte me oss masker og parykkar.

Trappa i Santa Teresa

Blocos (gatefest)

Tilbake på hostellet storkoste me oss på vorspiel med sminking og ordning. Etterkvart som kostymene kom på tredde nye personlighetar fram. Møt LoLita, Diana, Minnie, Sugar og Candy her :)
I håp om å få dansa litt samba reiste me ner til Ipanema beach for å sjekke ut livet der. Me fann liv, men ikkje samba, der var det derimot raveparty! Så har me opplevd det også. Eg og Linn Jeanette heiv oss med i dansen medan dei andre hadde nok med å fordøye at dei faktisk høyrte på tekno ;)

Diana, LoLita, Candy, Sugar og Minnie klar for å erobra byen. 

Dagen etter bytta nokon av oss parykkar og personlighet på ny.  Me gjekk ner til stranda i Flamengo og eg nøyt dei siste strålar med sol på kroppen for ei stund.



Om kvelden hadde me sikra oss billettar til Samba Drome, eit virkelig høgdepunkt av karnevallet. Samba Drome er den store paraden som blir vist på TV kvart år. Det er ein heilt vannvittig størrelse på tribuneområdet og på sjølve paraden. Det heile begynna kl 21.00 og varte til neste morgon. Det er fleire paradar der ulike sambaskular viser seg fram, med sambadansing og fantastiske kostymar. På tribunen var det kjempestemning og der var det bare å slenga seg med i rytmane.



Ein perfekt avslutning på ein super tur ilag med super kjekke jenter. Igjen; takk for turen jenter, og god tur vidare :) 


søndag 26. februar 2012

Paraty

No er eg trygt heima igjen i Norge og ferien virke nesten som ein fjern draum allerede. Har virkelig hatt ein fantastisk tur med masse opplevelsar på kort tid. Her kjem ein liten oppsummering av veka i Paraty.
Me tok altså bussen til Paraty, ein liten landsby sør for Rio, som blir kalla ein parodi på eit postkort. Byen er full av fargar, på hus, båtar og natur. Eg elska da!


Dei fyrste 3 dagane daffa me rundt, det var det overskya og innimellom kom det kraftige regnbyger som gjerne varte nokre timar. Då var det bare å bli sittande der me var. Eine kvelden blei me sittande under eit tak i lag med ein gjeng brasilianske gutungar som såg ut som dei hadde vore på trommeøving, så då fekk me underholdande musikk til regnet. Andre dagen blei me sittande på ein resturant heile kvelden, det som skulle vera ein lett lunsj blei til desert og så til vin.


På tirsdag kom endelig sola tilbake og me var veldig klare for å vera litt meir aktive. Eg, Linn Jeanette og Unni reiste inn i jungelen på ridetur med guiden Raul og to argentinske jenter. Eg såg for meg skikkelig rideskuleopplegg med daffe hestar på stram rekke, men der var det full galopp langs vegane og inn på kronglete stiar i jungelen. Kjempe gøy! Me stoppa ved to fossefall og bada. Det var dei mest fantastiske plassane eg har sett! Etter rideturen reiste me til Trinidade, ei krittkvit strand med krystallklart vatn, der Lisa og Martine hadde steikt seg heile dagen.


Onsdagen bestilte me oss båttur. Ein sjarmerande gammal trebåt med tuk tuk motor kom og henta oss på hostellet, som låg eit stykke opp i elva. Me stoppa ulike plasser for å bada, kvar plass med sitt unike særpreg og kvar plass like idyllisk! Når me skulle på land igjen var fjæra så låg at to båtar hadde satt seg fast på grunna, me blei difor liggande å venta i fleire timar for å komme oss inn til land. Trøtte som me var etter ein dag med masse bading og sol, sovna me alle mann på dei harde trebenkene i båten.



På torsdag var me klare for padletur! Trudde me iallefall. Me starta med ein kort innføring i padleteknikk og fekk beskjed om at den bakerste bestemmer tempoet. Og så for guiden vår avgarde, i ein veldig fart. Han såg seg ikkje tilbake for å sjå at alle hang med heller. Og det var langt! Men likevell; det var nydelig! Komme ikkje nermare naturen enn frå ein kajakk. Me hadde pause på ei strand før me padla vidare inn i mongrovene. Der såg me mange raude og gule krabber og nokre fuglar. Etterpå bar det i motvind til ei starnd der me åt deilig fiskemiddag og tok ein 3 timar lang pause for slitne musklar. Vinden snudde til me skulle heim igjen, så me fekk motvind då og, og bølgene skvulpa over kanten av kajakken. Når frykten for å aldri komma i land var som størst, såg me tre rakkarungar komme hoppande mot oss, som delfinar. Me som trudde me var langt ut på det åpne havet, var vist ikkje på djupare vatn enn rundt 30cm. Gutane heiv seg over kajakkane og eg bare: NAO, NAO!! men så viste da seg at rakkarungane var reddande englar som bare ville dytta oss eit stykke på veg. Kjempe gøy å få litt fart på kajakkane.
Fredagen satt me oss på bussen igjen klare for karneval i Rio.

søndag 12. februar 2012

Fantastiske Brasil!

Eg har lenge hatt ein draum om aa reisa til Brasil. Eg veit ikkje heilt kor denne draumen har komme ifraa. Eg har egentlig ikkje vist saa mykje om landet men har likavell hatt eit sterkt onske om aa reisa hertil. Eg hadde store forventningar, sjolv om eg ikkje viste kva eg kunne forvente. Og forventningane er meir enn innfridd saalangt!

Rio de Janeiro er ein fantastisk by! Saa frodig og kupert, atmosfaeren er rolig og avslappa sjolv om det er midt i ein storby. Eg har ein merkelig folelese av at det er heit naturlig at eg er her. Til tross for at eg foler meg litt hjelpeslaus utan aa kunne verken portugisisk eller spansk og det er langt mellom dei som kan engelsk. Men folk er hjelpsomme og hyggelige og Martine snakkar spansk, saa me kjem langt med det.

Me har hatt to dagar i Rio, dei har me brukt til aa sjaa dei viktigaste turistatraksjonane. Copacabana og Ipanema, to nydelige strender der brasilianerane viser seg fram i alle formar og fasongar. Me besokte Jesus paa toppen av Corcovado og tok taubane opp paa Sukkertoppen. Halvegs oppe paa sukkertoppen saag me eit heikopter som stupte utforbi kanten og fortsatte bort mot jesusstatuen. Da vil eg og gjer! utbraut eg, og nokre minuttar seinare satt me i eit heliopter langt over Rio by. Heilt fantastisk! 


Paa fredag tok me bussen, forovrig den beste bussen eg har sitte i, til Paraty. Ein utrulig sjarmerande liten by sor for Rio. Her har me hatt overskya vaer, med nokre regnskyll i ny og ne, varmt er det likevell og i morgon skal det bli sol igjen. Eg storkose meg og gleder meg til resten av turen. 
Copacabana

solnedgang paa Ipanema


Paa veg opp til Corcovado
Jesus, Lisa, meg, Linn Janette, Martine (fotograf Unni)

I helikopter over Copacabana

Svever over jesus

Utsikt fraa Sukkertoppen

Paraty, etter ein regnskyll

lørdag 4. februar 2012

Frå vinter wonderland til varmare strøk

Her er det vinter ute. Natt til fredag kom det mykje snø og den har ligge heilt til i dag. Den ligg her endo men no meir stykkevis og delt i fonner der vinden ville ha den.
I dag har me vore ute og leika oss i snøen med kjekke tantebarn. Me har aka og stått på ski. Kjempe gøy! men det blei kaldt etterkvart, endo me hadde fyr i bålpanna.


No pakkar eg sekken og gjer meg klar til å venda naso mot varmare strøk. Nermare bestemt Rio de Janeiro! Det å reise til Sør amerika og spesielt til Brasil har vore ein draum i mange år og endelig skal det skje! Eg skal ner og møte desse kjekke jentene som er ute og reiser rundt i verda i 4 1/2 månad. Les meir om turen deira i bloggen 4 1/2. Eg gledar meg!


Eg reiser på tirsdag og skal vera vekke i to veker. No er eg altså i gang med å pakke sekken. Alle reiseråd seier at ein må pakke mykje mindre enn ein har tenkt. Så eg har no prøvd det, men sekken ser ut til å bli full likevel. Så då er spørsmålet om eg skal ta ein større sekk, eller ha med endo mindre?? For å pakke smart tenkte eg det hadde vore praktisk å ha posar å sortere ulike ting i. Eg sydde meg difor ein pose til å ha skittentøy i. Eg hadde og tenkt å sy ein pose til undertøy og ein til sko, men det ser det ikkje ut som eg får tid til.


Så då seier eg takk og farvell til snøen og gjer meg klar for sommar, sol og karneval :) Adeus!