mandag 26. mars 2012

Nytt bad

I leiligeten i byn, eller hytten som den no heite, pussa me opp alle rom når me flytta inn. Alle rom utenom badet. Me kom aldri så langt. Ikkje for da at da ikkje trengtes. Ingen av romma var gjort nåke med sidan huset blei bygd på 50-talet. På badet var det ein brun blomstrete tapet. Vasken lakk. På doen hadde me ei colaflaske med vatn ståande oppå nedtrekkaren som pressmiddel for at den skulle halde seg nere. Me måtte trekke snora heilt opp og så sette flaska ned med eit kraftig rykk, gjerne eit par gonger før det fungerte. Me kjøpte oss eit nytt dusjkabinett for å sleppa å stå rett på det heller udelikate belegget å dusje. Dusjen var fin den, med hyser både her og der, kjekt så lenge det varte, for ein dag sto spruten i alle endar. Dusjen blei sett inn litt provesorisk, så me måtte stilla vatnet på utsida før me gjekk inn i dusjen.

Sånn levde me altså i 5 år, og trivdes med det ;) Me snakka jo om å pusse opp, men det passar somregel dårlig å pusse opp badet når ein bur der og bare har eit bad. Men no er det alså gjordt. I forige veke var murar på plass og la fliser og i helga reiste me for å sjå resultatet. Snakk om forandring! Badet er utvida og har fått svarte fliser på golvet og kvite fliser på veggene, kjempefint. I helga satte min kjære opp toalett og innredning. No manglar bare dusj og vask før det er ferdig. Jammen er dei heldige dei som får flytte inn her no!

Helga, som har hatt det finaste været i manns minne, har me i tilegg brukt til maling, listing, maling, pussing, rydding, maling og maling, med to hyggelige middagar i godt selskap som avbrekk.

Mobilbilde av det nye badet under arbeid.

Utrulig nok har me ikkje tatt bilde av korleis me hadde det. Dette er det einaste biletet eg fann, skimtar den fine tapeten og gullfigurane i bakgrunnen :) 

tirsdag 6. mars 2012

Intrykk frå Brasil

Avslappa atmosfære, chill
Frodig
Varmt
Sol og bad
Dans
Smil
Lykke
Velkommen
Lureri
Fattigdom
Uteligger
Slitt
Påtrengande
Kontrastar


Blei tipsa av mi kjære søster om nettsida Øyeblikk som har ein fotokonkuranse med tema reise, så eg hiv meg på med dette bildet rett før fristen går ut. 


mandag 5. mars 2012

Grønn

Grønn e min absolutte favorittfarge. Det er fargen eg alltid fell tilbake til. Eg har periodar med andre fargar, då går gjerne den eine fargen igjen i interiør og kler ein periode, før eg blir lei og går over til ein ny. Men grønn er der alltid og eg blir aldri lei av den. 

Det var då eg såg utfordringa til Mrs hardy om å vise fram det grønne eg blei oppmerksom på at eg har veldig lite grønt i huset. Joda, eg har nokre planter og innslag av grønt her og der, men det blir lite samanlikna med leiligheten i byn. Der kan ein vel trygt sei at grønn dominerte. Eg hadde min eigen grønne vegg i stova. Den fekk eg tromfa igjennom når me måtte pussa opp stova for andre gong på veldig kort tid. Den var veldig fin. *sukk*. Det grønne gjekk igjen i gardinene, sofaputene, stolputene, stearinlys, ja overalt. 

No er me begynna arbeidet med å gjera leiligheten salgsklar. I følge meglaren er vist ikkje ein grønn vegg det mest salgbare?!? Så i helga mala eg veggen min kvit! Eg trur kanskje ikkje eg kjem til å få meg ein grønn vegg igjen, så eg får vel leva på minna... og deltar i utfordringen med dei... 

Den grønne veggen. Fargen var endo finare i virkeligheten. 

Når gardinene endelig kom på plass var dei sydde i stoff med blomar i ulike grønntonar.
Grønn plante og stearinlys i bakgrunnen.