tirsdag 17. april 2012

Avslutningshelg i Bergen

I helgo var me i Bergen og gjorde siste innspurt i leiligheten, så no er den gullande rein og heilt salgsklar. Me har hatt tradisjon med familien til min kjære at dei har komme ei helg til byn før jul; mor, far, søster med mann og tre skjønne små. E jo ikkje verdens største leilighet, men da har vore plass nok til alle likavell :) No fann me ut at me måtte ha ei avslutningshelg i byn alle mann før leiligheten blei solgt. Senga har me flytta heim for lenge sidan, så det blei madrasser og feltsenger på golvet. Obligatoriske besøk på akvariet og i badeland blei gjennomført. I tillegg var eg ute og møtte folk frå ergoterapiklassen på lørdag. Veldig kosleig.

Her er litt bilder frå den fine leiligheten vår. Kjente det var litt vemodig å reise frå den, men trur nok eg lure meg til eit besøk til før den blir solgt.

Stova, med fin utsikt over Minde, Landås og Ulrikken.

plass til kjøkkenbord i stova

Deilig varme med vedfyring!
Bardisk på kjøkkenet

Eikekjøkken


Det flotte nye badet heilt ferdig :) 

Det største soverommet med utgang til balkongen

Det minste soverommet

onsdag 11. april 2012

Nytt syrom og kontor

Det er ikkje lenger sidan enn august i fjord eg posta at eg hadde fått orden i sysakene med eige syrom. No har eg flytta heile syrommet inn på eit nytt rom. Der har me og laga til kontor, så no skal det bli orden i papira og. 




Sybordet har eg fått av svigermor, det er veldig praktisk med to klaffar. Så slepp eg kanskje ligge på stovegolvet og klyppe ut mønster, sånn som eg har gjordt til no? Lampa fann eg på min kjære sitt gutterom, veldig stilig synes eg!


I dag har eg fått stor pakke i posten :) det er utesofaen som er komme. Eg er superfornøyd! Kjem bilde av den ein dag når været blir betre.

søndag 1. april 2012

Grillsesongen i gang


I går fekk me ein skikkelig forsmak på sommaren, sol frå klar himmel! Min kjære og husverten gjekk igang med å legga tak på overbygget på terassen. Me har bygd oss ein stor terasse, begynna i fjor på denne tida, og no satsar me på at me ska få nytta den mykje framøve. Medan mannane snikra gjekk eg igang med å montera grillen, som me har hatt ståande i kassen sidan i fjor. Da va mange delar, så den blei akkuratt klar til me var sultne. Min kjære sklei rett inn i rollen som grillmester :) No gjenstår bare litt småplukk og ein del maling før terassen er heilt klar. Møblar har eg bestilt, glede meg til dei kjem. Håpar eg får tid til ein tur på gartneriet i løpet av veka, så blir det så bra der ute!