torsdag 31. mai 2012

Uterom

Det beste med huset me bur i no, er uteromma. No har me hatt strålande vær ein periode og har virkelig nytta det til det fulle :) På terassen har me fått spisebord og stolar, som grillmaten kan inntas frå. Og endelig har eg fått brukt den nye daybeden min!



Herligt å ligga her og kosa meg med eit blad, medan sola steiker.

På framsida av huset har me satt ut hagemøblane me hadde i byn. Her e da deilig morgonsol og perfekt til å innta frukosten.




Har planta jordbær i baljen i år, spendt på om da kjem noko. Har og plana om å planta i krukker på terassen, men har ikkje funne dei rette krukkene endo.



onsdag 9. mai 2012

Visning

I dag er det visning i Grønnestølsveien 40. Gå inn på Finn og sjå kor flott leiligheten er :)
Eg kjenner at eg har blanda følelsar til visningen. På den eine sida er eg spent. Kor mange kjem? Vil dei like det dei ser? Vil det komme inn bud?
På den andre sida er det vemodig. Eg har likt meg så godt, i leiligheten og i Bergen. Når leiligheten er solgt, er det eit endelig punktum for tida i Bergen. Neste gong eg kjem skal eg ikkje heim. Eg skal bare på besøk. Eg vil nok savna å vera heima i Bergen.

tirsdag 8. mai 2012

Mai i forkledning

Kom mai du skjønne milde 
gjør skogen atter grønn
og la ved bekk og kilde 
fiolen blomstre skjønn 
hvor ville jeg dog gjerne 
at jeg igjen deg så 
Akk kjære mai hvor gjerne 
gad jeg i marken gå


Akk, ja eg hadde virkelig tenk at i marken å gå i dag, 
men da virke som om mai har kledd seg ut som oktober eller februar 
og innbyr så vist ikkje til å gå ut i da heila. 
Istaden har eg fyrt i ovnen og sitt inne 
og høyrer på vinden som ular og regnet som piskar mot glaset, 
medan eg ventar på at mai skal vise sitt sanne eg
skjønn og mild
og eg skal springa i skogen 
høyra fuglane kvitra
sjå på blomane ved bekken
Akk kjære mai
kom mai!