fredag 27. juli 2012

Tvillingfødsel og miniatyrkalv

I går fekk me tvillingar i floren. To skjønne små stutekalvar. 


Naboen fekk også tvillingkalvar tidligare i veka. Dei var litt meir spesielle, dei var bittesmå! Bare den eine overlevde, men gu kor herlig den er :) 


 Bilde viser kanskje ikkje heilt kor liten den faktisk er, men den veg 10kg, medan ein normal kalv veg mellom 40-60kg. Ellers er den heilt normalt proporsjonert, bare i miniatyr :) 


Mini fekk ut og springa, og poserte villig for fotografen! 

lørdag 21. juli 2012

Stilig fotoveske




Terese med bloggen TBfoto gir vekk ei kelly moore veske. Dei er utrulig stilige! Ei sånn har eg lyst på! Å velga seg ut ein favoritt er ikkje enkelt, men eg landa tilslutt på denne:


Så då er det bare å krysse fingrane og håpe eg vinner :) 



torsdag 19. juli 2012

Framkomstmiddel

Vekas utfordring hos Alt som er vakkert er framkomstmiddel. Eg var på Rhodos forige veke, og der kom eg over denne sjarmerande gamle bilen. Den såg imponerande nok ut som den fortsatt var i bruk.