lørdag 25. august 2012

Nye og gamle sko

Eg synes det er vanskelig å finne sko som eg blir heilt fornøyd med. Eg bruker difor lang tid på å finne meg nye sko. Dei må jo både vera behagelige å gå med og sjå bra ut på foten. For det er jo ingen automatikk i at dei som ser stilige ut på hylla og ser stilige ut på foten. Nei nokon blir klumpete på, medan andre får foten til å sjå ut som den er to meter lang. Behagelige sko som samtidig er stilige er det langt imellom.

Når eg fyrst finn meg sko som både passar bra og ser bra ut blir eg svært glad i dei. Dei blir brukt vel og lenge. Ja eg må jo bruka dei lenge for eg finn jo ikkje nye som er like bra! Dei blir jo gjerne litt slitt etterkvart. I sommar fant eg meg i den situasjonen at ALLE skona mine hadde hol både her og der. Eg fekk beskjed av min kjære at dei var bare å KASTA! Nei tenka meg t, dei e jo så gode å gå i! Greit nok, dei e vel ikkje lika stilige lenger som dei var når dei var nye, men eg kan iallefall ikkje kasta dei før eg har kjøpt meg nye! Du har jo skapet fullt av sko !?! får eg høyra då. Joda det står vel nokre sko i skapet, men da e jo ikkje akkuratt den typen sko. Og da e no plass til nåken til, kan jo stabla litt fleir i høgda og i eine hylla går det nok å stikke inn eit par til inni hjørna der?





No har eg altså gått heile sommaren og leita etter sko i både inn og utland, utan resultat. Så her ein dag gjekk eg på nett på brandos.no og gjekk bananas. Eg bestillte ein heil bøling med sko. Fleire måtte returnerast fordi dei ikkje passa eller ikkje såg så bra når dei var komme på foten. Men heile tre par sko fekk bli igjen. To eg var veldig fornøyd med og eit par eg var for usikker på til å senda tilbake.


Så då får eg vel kanskje kasta dei gamle då? E litt i tvil endo, for dei e jo gode å gå i ;) men han som eigde dei kleda eg ein gong kasta fordi det var hol i dei, synes vist det er min tur og kasta. Me treng vist og å få rydda i skapet på gangen seiest da...