tirsdag 26. juni 2012

Stockholm

I helga var me i Stockholm for å feire mamma sin 60årsdag. Hipp Hurra for den flotte mammo mi :) Ho har bursdag på santhansafta og dagen blei feira på Skansen ilag med heile familien. Der fekk me deilig middag i ein kosleig resturant, tre byttor, før me tok ein svingom med gammaldans. Kjekt å friska opp kunskapen frå leikaringen i Mauranger :)



Alle stockholmarane hadde imidlertid emigrert byen for å feira midtsummar andre plasser, så det var ein rolig atmosfære i byen heile helga. Dei fleste butikkane var og stengte, så det blei dårlig med shoppinga.

Dette var mitt fyrste besøk i Stockholm, og til tross for stengte butikkar, var intrykket bra. Veldig koselig med skjærgården og dei ulike holmane bydelane ligg på. Me var skikkelig turistar og tok hopp-av-hopp-på båt i sundet frå bydel til bydel.



Me besøkte Vasa-museet og Junibakken; ein tur inn i Astrid Lindgren sin verden, det vekka gode barndomsminner frå tvseriar og bøker som mamma las for oss. Me var ein tur innom tivoli og traska gjennom gatene i gamlebyen. Det var min absolutte favorittbydel med sine trange smug og "mysiga" gater.



Og så var me altså på Skansen, der det er samla gamle bygningar frå ulike stader i sverige i tilegg til ein dyrepark. Bjørnane var spesielt fasinerande, der dei leikesloss i kulpen sin.


For eit par år sidan kom eg over ein nettbutikk som eg forelska meg i og som eg har vore innom i dann og vann; Tjallamalla. Den har utsalg i Stockholm og eg hadde bestemt meg for at om eg skulle reisa til Stockholm så skulle eg besøke den. Nokre butikkar var opne, så eg hadde eit lite håp. Eg hadde funne adressa og me traska rundt i Södermalm og leita etter den. Gleda var stor då me fant den, og skuffelsen stor då den var stengt. Får nok bare handla på nettet likavell :)

  




Takk for ei fin helg til alle som var med :)