onsdag 23. januar 2013

Termin i dag

I forige innlegg, 23.12, skreiv eg at eg no såg fram til late dagar men at eg var redd eg skulle bli rastlaus etterkvart. Haha, blei ikkje mykje tid til å bli rastlaus her i gården nei. Denne karen hadde andre planar. Om det var begynna å bli for trangt der inne, eller om han bare hadde eit sterkt ønske om å vera eit 2012 barn veit eg ikkje, men 1. juledag kom guten i hu og hast. Eg hadde ikkje tenkt tanken på at eg kunne komme til å føde for tidlig, eg skulle jo bruke den neste månaden på å førebu meg :)
Etter det første sjokket hadde lagt seg har eg virkelig storkosa meg med vetleguten! Me fekk vera ei veke på sjukehuset der me fekk god oppfølging av eit alltid hyggelig personale. Det var likevell ein herlig følelese å få komma heim på nyttårsafta og starte det nye året med vår nye vetle familie. No er det allerede gått ein månad og dagane fyk avgarde. det har no vert herlig å ha han her på utsida av magen denne eksta månaden :)