torsdag 7. februar 2013

Eit lite syprosjekt

Sidan vetleguten var født for tidlig hadde eg ikkje kjøpt så mykje kler som passa til han på forhånd. Hadde jo fått beskjed om at dei minste størrelsane var det ikkje vits i å kjøpe så mykje av, for dei veks ein jo ut av med ein gong ;) Etter ymse søk på nett fant eg ikkje så mykje spennande kler, og det vetle eg fann var veldig dyrt for eit lite stykke stoff. Så eg tenkte eg kunne like godt sy nokre plagg sjølv. Eg trudde jo eg skulle ha god tid til dette, eg går jo bare heime, men tida fyk og det blir jaggu ikkje mykje tid til sying!?

Eg satte i gang og teikna mønster, prøvde å teikne av ei sparkebukse som passa godt. Men då dei ulike delane var klypt ut var alt skeivt og ingenting passa saman. Så her var det bare å teikne på nytt! Etter mykje prøving og feiling (eg trur aldri eg har rakka opp eit plagg så mange gonger før) var endelig dressen ferdig :) Men då eg skulle prøve den på vetleguten oppdaga eg at åpninga framme i armane var alt for smal, så han fekk ikkje handa ut! Nedtur. Prosjektet blei lagt vekk nokre veker, men i dag tok eg det fram igjen. Eg laga nye armar med trykknapp i, så no passar den. Ja no passar den akkuratt, ikkje ein millimeter for stor ;) Så no får me bruke den flittig før han veks ut av den.


Jaja, om det blei mykje feiling med denne dressen, så har eg iallefall lært korleis det skal gjerast til neste gong! No gledar eg meg til å ta til med eit nytt prosjekt, eg har mykje nytt stoff som ligg og ventar :)