fredag 15. november 2013

og vi maler og vi maler…

Travle tider, dagane går i oppussing. Sjølv om huset fremdeles ser meir ut som ein byggeplass enn ein heim, går det sakte men sikkert på fram. Vegger er flytta. Stova og kjøkken er plata, sparkla og mala (tak og vegger). Soveromma er ferdig mala. Det elektriske anlegget er skifta ut. Alle vindua er skifta. Tak er plata. Loftet er isolert. Gangen er plata, klar for sparkel og maling. Kjøkken og trapper er bestillt. Ein god del gjenstår, men me kryssar fingrane for at me er inne til jul :) 
Soverommet er einaste rommet som ikkje er mala kvitt.
Fargen kjem ikkje så godt fram på bilde, men er turkis. 

Gangen. Trapperommet er åpna opp, så no er det blitt ein stor lys gang.  

Brannmuren er mala i skifer, synes det blei veldig bra! 

Veggen er slått ned, klart for kjøkkenet å flytta inn.

Diana med bloggen My Dream har ein veldig flott giveaway no. Den blåe lampa hadde jo vore perfekt i stova her, så den må eg jo prøva å vinna! Klikk på bilde for å komme til giveawayen!