onsdag 27. august 2014

Livsteikn frå huset ved sjøen

For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og plenen. Plenen laga me i vår, greit å ha maskinparken på plass då.  

 Det var likevell ein del å gjere for hand. Vetleguten plukka stein til den store gullmedaljen. 

Ein plen må haldast vedlike! 

Her har me bada mykje i sommar! Ei stund var det jo reint behagelig å komma seg uti! Vetleguten blei tøffare og tøffare. Det kjekkaste er å spruta vatn på mamma ;) 

Gode minner å ha med seg inn i ein travel haust. Vetleguten er begynna i barnehage og eg begynner snart å jobbe for fullt igjen. 

søndag 9. februar 2014

Stova vår

Blogging er ikkje akkuratt prioritert for tida, men har lyst å vise fram det me har gjordt i huset. Så her er stova vår før og etter:

Me har rive ned platene og plata på nytt med gipsplater, som er sparkla og mala. Taket er mala. Alt det elektriske er skifta ut. Vindua er skifta. Veggen inn til kjøkkenet (soverom før) er rive ned og eine veggen på kjøkkenet er flytta. Nytt golv er lagt og nye lister er på plass. 


God plass for vetleguten å leike seg på :) Eg draumer om eit nytt og større kjøkkenbord. 

 Her var døra inn til kjøkkenet. Her reiv me ned heile veggen og satte opp ein ny litt lenger inne. Er veldig fornøyd med den løysinga, perfekt TV-krok! 









lørdag 4. januar 2014

Vårt nye kjøkken!

Det var bare så vidt, men me kom oss inn i huset før jul. Total kaos ei veke før, men me rakk rydde sånn nokonlunde og blei klare for bursdagsfeiring og julefeiring i nytt hus. Etter ein alt for travel haust, er det veldig godt å endelig vera inne. Det synes vår vetle 1. åring og! Endelig god plass å boltre seg på :)
I dag vil eg visa bilder av vårt nye kjøkken. Me hadde egentlig planlagt å ha kvitt kjøkken med eikebenkeplate. Men like før me skulle bestille møtte me på dette kjøkkenet og falt for det! Eg er kjempefornøyd :) 




Utsikten frå kjøkkenvinduet :)