Viser innlegg med etiketten gardsliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gardsliv. Vis alle innlegg

fredag 27. juli 2012

Tvillingfødsel og miniatyrkalv

I går fekk me tvillingar i floren. To skjønne små stutekalvar. 


Naboen fekk også tvillingkalvar tidligare i veka. Dei var litt meir spesielle, dei var bittesmå! Bare den eine overlevde, men gu kor herlig den er :) 


 Bilde viser kanskje ikkje heilt kor liten den faktisk er, men den veg 10kg, medan ein normal kalv veg mellom 40-60kg. Ellers er den heilt normalt proporsjonert, bare i miniatyr :) 


Mini fekk ut og springa, og poserte villig for fotografen! 

onsdag 2. mars 2011

mmm mjelk

Deilig fersk mjelk
rett frå kua
mmm det var lenge sidan
fekk sikra meg litt
etter helgas sti
så søt og feit og god
med minner frå farne tider 


Det beste med skikkelig mjelk er at maten du lage med den bli så god! I dag blei det deilige pannekaker til frukost.

fredag 25. februar 2011

Bønder på prøve

Denna helgo skal me stia på garden me tenker på å kjøpa og får såleis ein smakebit på bondelivet. Me er jo ikkje ukjent med det frå før nokon av oss, men no er det litt meir på alvor.  


Før me kunne gå i gang var me innom FK-butikken og kjøpte fasjonable kler.


Ilse støvlande måtte vike plassen til fordel for nye grønne støvlar.


Etter første kvelden i floren har eg ein god følelse! Noko tungt arbeid, men veldig koselig. Eg gjekk rundt å nynna heile tida, det må vera eit godt tegn :)





Fornøyde med dagens insats!
Spørst kor fornøyd eg er når me skal opp i måro tidlig?

onsdag 10. november 2010

Bonden min

Det var ein gong ein liten byggefelt-gut som hadde så lyst til å bli bonde. Han gjekk frå gard til gard og jobba og sleit og ønsket om å bli bonde bare vaks etter som åra gjekk. Etter å ha jobba i mange år hos ein likande bonde innante, er han no eit steg nermare draumen. I går hadde me takstmann frå Tveit reknesksap med og såg på garden. Om ikkje lenge får me taksten i hende. Spennande tider framøve!