Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg

lørdag 17. august 2013

Steikje goe potete!

Tenkte eg skulle dele oppskrifta på det som er favorittpotetene her i huset for tida. Oppskrifta er inspirert av ei eg såg på Jamie Oliver sitt tvprogram. Han brukte nokre småpoteter, eg har brukt amandiepoteter, men dei siste gongane har eg brukt vanlige nypoteter og det blir vel så godt! Einaste forskjellen e at du må dela dei opp først. Den går så her:
- steik poteter og kviløkdfedd (ein god del, gjerne ein heil kvitløk) i olje
- ha vatn i steikepanna og la det koke til potetene er passe mjuke, dei er best akkuratt før dei er gjennomkokt.
- renn av vatnet og steik på nytt i olivenolje. 
- krydre med det du liker, eg synes basilikum og saltflak er godt

Velbekomme :) 



onsdag 2. mars 2011

Kyllinggryte

Eg er glad i mat! God mat er best. Likar å lage mat og, men synes det er greit det ikkje tar så lang tid, spesielt i vekene. Det kjem nok av at humøret kan bli dårlig utan mat i sikte. I dag laga eg ei deilig kyllinggryte som er enkel og rask og lage. Takk for oppskrifta til min gode kollega på Wergeland :) Har vore mykje i bruk her i huset.


Så enkelt er det:
Skjer kyllingfiletar i bitar - steik dei
Steik det du liker av grønskaker - i dag hadde eg løk, sopp, gulrot, gul og grønn paprika
Tilsett ein desj sweet chilli saus - ver forsiktig, det kan fort bli for sterkt
Heilt mot slutten tilsett ein større desj creme fresh
serverast med ris, pasta eller som eg gjorde i dag pomes frites
ET og ver glad!