Viser innlegg med etiketten blomar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blomar. Vis alle innlegg

lørdag 23. april 2011

Blomar i hagen

Forige veka var eg på gartneriet i Rosendal og skulle handla blomar og urner til inngangspartiet vårt. Eg falt for desse korgene og ein sinkbalje, så urner blei det ikkje denne gong. Der var mange fine planter så det blei vanskelig å velge. Eg enda opp med ein peppermyntebusk og ein anna busk eg ikkje huskar namnet på. Med den planta eg forglemmegei, ein blom eg alltid har likt veldig godt.

 Denne veka har eg hatt påskeferie og på tirsdag planta eg ut blomane. Stemorsblomar i sinkbaljen.


 Denne kransen fekk eg av svigermor før jul, då med nissar i. Nissane er pakka vekk, men synes kransen fungerer fint for seg sjølv også.


I hagen er det komme mykje påskeliljer og andre fine blomar. På nedsida er dei begynna å grave ut til terassen. No er påskeferien ferdig for min del, begynna på jobb igjen i går og skal jobbe resten av helligdagane. God påske!

tirsdag 1. februar 2011

ikkje akkuratt grøne fingrar.

Eg får ikkje heilt til dette med blomar. Eg synes det er veldig fint med mykje blomar i ein heim, det gir meir liv og stemning i heimen. Hos meg er bare problemet at gleda som regel ikkje varar så lenge. Eg veit ikkje heilt kvifor, dei får jo vatn i ny og ne...

Denne orkideen var eg veldig stolt av. Den kom nemlig blomar på ein gong til, men så var det stopp.

Dette er vel ein juleblom som ikkje skal vara så lenge... eller?

På bakgrunn av mine manglande grønne fingrar synes eg det er svært kjekt med grøne planter som denne. Robust og fin.. håpar eg. Ein gong klarte eg faktisk å drepe ein kaktus!

Bukettar er også kjekt! Nydelige så lenge dei varar, og så er det ikkje meininga dei skal vara så lenge :)