Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg

søndag 23. desember 2012

God jul i stova!

Desember har vore travel med jobb, skule, eksamen og ein mage som veks og veks. Me var komme heilt til 15. desember før me fekk vaska huset og pynta til advent, akkurat i tide til å tenne 3. lyset i adventsstaken ;) I dag kom juletreet på plass og med det eit snev av julestemning. 
Eg har mine første dagar i permisjon og satsar på late dagar framover. Det har gått fint så langt (skulle bare mangla sidan det bare har vart ei langhelg enda :), men har ein mistanke om at rastlausheten kjem snikande etterkvart. 
Kom over eit fototips på bloggen Stines Hjem om korleis ein får juletrelysa til å lysa som stjerner og blei inspirert til å ta nokre bileter av juletreet vårt. Her går det i raudt, med raude kuler og raude hjerter som den kreative besto mi har laga, både i filt og i never. Ho har og laga dei små søte dompappane som sit innimellom greinene.  







GOD JUL! 

onsdag 1. desember 2010

Søte svigermor-nissen:)

Svigermor er veldig gla i jula og her i huset dukkar det opp nisse etter nisse, juleserviset er på plass og julebaksten er i gang. I dag tidlig hang det 3 pakkar på kjøkkenet til ungane i huset (min kjære, hans bror og meg:)  frå nissen! Veldig kjekt :) (Da var vist opprinnelig 4 pakkar, men største ungen hadde allerede reve opp sin når eg sto opp)


I pakken var det ein flax-adventskalender

sjefsnissen er på plass :)

søndag 21. november 2010

Julegavehandel

I helga har eg vore i byn på julegaveshopping ilag med mi kjære søster Karna :) Eg e ganske imponert øve meg sjølv! Godt i gang med julehandelen i november! Eg pleie vanligvis ikkje ha begynna å tenka på det før godt uti desember. Då blir det ofte litt stress med heile handelen. No kan eg meir kose meg med tanken på å gi dei vekk :) Har endo nokre pakkar igjen til neste bytur.


Toys'R'us e ein sikker vinner til store og små :)