Viser innlegg med etiketten redesign. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten redesign. Vis alle innlegg

onsdag 12. juni 2013

Ny dress av gammal jakke

Eg har eit lite lager i skapet av kler eg har tenkt å fikse litt på for å fornye dei litt. 


Denne jakka har eg arva frå svigermor, eg hadde tenkt å bare endre snittet litt på den, slik at den blei litt meir figurnær. Men sidan den bare blei liggande og liggande utan at eg fekk gjordt noko med den fekk eg ein ny ide! 


 Fram med saks, målband og symaskin...


 og tilslutt enda det opp som sparkedress til vetleguten! 
Stilig? Det synes eg :) Gult er kult! 

mandag 8. august 2011

Silkekjole

For fleire år sidan arva eg ein kvit silkekjole av tanta mi. Strikken måtte strammast noko og når eg først var i gang med det tenkte eg at eg kunne jo endre litt på designen og. Eg demonterte difor heile kjolen. Kjempe ide! Det ente med at den blei liggande i diverse skuffer og skap, bortgjømd og slett ikkje ein silkekjole verdig. Eg har hatt fleire idar oppover korleis eg kan fikse den, men har aldri gjennomført nokon av dei. Eg har fleire gongar angra på at eg ikkje bare hadde den slik den var, for den var jo fin slik.
Her ein dag satt eg og surfa på nettet og var innom nokre klebutikkar. Då plutselig såg eg heilt for meg korleis eg skulle ha kjolen. Eg gjorde det heilt enkelt, sydde ein saum oppe og drog eit silkeband gjennom, rynka til og sydde saman i sidene. Endelig er silkekjolen klar til bruk!