Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg

fredag 11. november 2011

Eit glimt av sol :)

For å nyte litt av sola i dag, gjekk eg til Brakhaug rett etter jobb. Eg hadde håpa å nå sola der oppe, for eg såg ho var der då eg køyrde heim. Eg var nok akkurat litt for sein, men fekk med meg ein flott solnedgang istaden. 
 På veg ned møtte eg på denne karen. Eg smaug meg innpå for å få eit godt bilete, men når han begynna å komme mot meg kjente eg eit behov for å skunte meg vekk og ta ein omveg rundt han og kameratane hans. Han har jo tross alt ganske store horn! 
God helg i finaveret! 

torsdag 29. september 2011

Dagens kvardagsdrama :)

Midt oppi ein svært stressande situasjon på jobb i dag, set eg meg ner på huk. Riiitjs seier det då, "det kan ikkje ha vore det det høyrtes ut som" tenkte eg, såg ner og konstanterte at jo da buksa var revna! Lengst oppe på låret var eit godt stykke hud komme til syne. 
Dette kan slik eg ser det komme av ein av to årsaker, 
1: eg har lagt meir på meg enn eg trudde den siste tida. 2: Eg har bare utslitte kler. 
Eg valgte sjølvsagt å gå for den siste forklaringa, då tiltaka i dette tilfellet fristar til gjennomføring. Sidan eg uansett hadde fleire ærend på senteret etter jobb, drog eg singletten godt ned på knerna og gjekk på shopping. Eg gjekk der til innkjøp av ei ny bukse med det samme! I ein størrelse for liten... Det var jo på ingen måte særlig rasjonelt, sidan eg gjekk rundt med ei spjæla bukse, så kvifor seier du? Den var på salg kan vita! 


I kveld har eg vore på fjelltur etter gamalt. Dette heng på ingen måte saman med den spjæla buksa (jamfør årsaksforklaring nr 1). Det heng utelukkande saman med dette merkelige, men deilige fenomenet som føregjekk utanfor dørene i dag. Dei kallar det vsitnok "Godt vær", og slik må nytast når det plutselig finn det for godt å dukka opp. Eg tok ikkje med kameraet, noko eg angra på når eg kom til topps, for der var det nydelig, med sol og fine haustfargar i fin harmoni. 

søndag 27. mars 2011

Ut på tur :)

Eg likar godt å gå på fjelltur. Her har eg mange turmulighetar rett utanfor stovedøra.

 Brakhaug er ein fin liten skogstur som ligg rett bak huset. Ganske bratt opp, så kondisen får kjørt seg. Fin tur å gå ein formiddag før seinvakt.

 Fjelltrimgruppa har lagt ut bøker på kvar ein topp. Her gjeld det å samla nok poeng.

 Utsikten frå toppen

På fredag gjekk me til Gråskallane, fyrste gang for meg. Ein veldig fin tur og kjempe flott utsikt frå toppen. Var litt isete oppover fremdeles, håpar det forsvinn snart.

Litt kald vind på toppen

No ser eg fram til all snøen forsvinn, så eg kan utforske dei høgare toppane i bygda.
God tur :)

torsdag 27. januar 2011

tomt for brød! What to do?

I dag vakna eg opp til ei tom brødskuffe! nei ok, det låg ein gammal skalk der, men den frista lite. Kva gjer ein i ein slik situasjon??


Lag deilige knekkebrød til frukost.


Sett i gang og bak.



 Gå ein tur medan brøda hevar seg.


Tips: ta med speilreflekskamera. Såg mange gode motiv som ikkje lot seg fanga med autofokus, som sjølvsagt hadde blitt perfekte om speilrefleksen hadde vore med ;)


Sett marihøna på 45 min


Og vips, der har me sikra brød til frukost i morgon!


Ein noko meir lettvindt måte å løyse problemet på er jo å køyre på butikken og kjøpe eit brød, men det blir jo langt ifrå like underholdande.