Viser innlegg med etiketten søm. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten søm. Vis alle innlegg

onsdag 12. juni 2013

Ny dress av gammal jakke

Eg har eit lite lager i skapet av kler eg har tenkt å fikse litt på for å fornye dei litt. 


Denne jakka har eg arva frå svigermor, eg hadde tenkt å bare endre snittet litt på den, slik at den blei litt meir figurnær. Men sidan den bare blei liggande og liggande utan at eg fekk gjordt noko med den fekk eg ein ny ide! 


 Fram med saks, målband og symaskin...


 og tilslutt enda det opp som sparkedress til vetleguten! 
Stilig? Det synes eg :) Gult er kult! 

torsdag 7. februar 2013

Eit lite syprosjekt

Sidan vetleguten var født for tidlig hadde eg ikkje kjøpt så mykje kler som passa til han på forhånd. Hadde jo fått beskjed om at dei minste størrelsane var det ikkje vits i å kjøpe så mykje av, for dei veks ein jo ut av med ein gong ;) Etter ymse søk på nett fant eg ikkje så mykje spennande kler, og det vetle eg fann var veldig dyrt for eit lite stykke stoff. Så eg tenkte eg kunne like godt sy nokre plagg sjølv. Eg trudde jo eg skulle ha god tid til dette, eg går jo bare heime, men tida fyk og det blir jaggu ikkje mykje tid til sying!?

Eg satte i gang og teikna mønster, prøvde å teikne av ei sparkebukse som passa godt. Men då dei ulike delane var klypt ut var alt skeivt og ingenting passa saman. Så her var det bare å teikne på nytt! Etter mykje prøving og feiling (eg trur aldri eg har rakka opp eit plagg så mange gonger før) var endelig dressen ferdig :) Men då eg skulle prøve den på vetleguten oppdaga eg at åpninga framme i armane var alt for smal, så han fekk ikkje handa ut! Nedtur. Prosjektet blei lagt vekk nokre veker, men i dag tok eg det fram igjen. Eg laga nye armar med trykknapp i, så no passar den. Ja no passar den akkuratt, ikkje ein millimeter for stor ;) Så no får me bruke den flittig før han veks ut av den.


Jaja, om det blei mykje feiling med denne dressen, så har eg iallefall lært korleis det skal gjerast til neste gong! No gledar eg meg til å ta til med eit nytt prosjekt, eg har mykje nytt stoff som ligg og ventar :)

lørdag 4. februar 2012

Frå vinter wonderland til varmare strøk

Her er det vinter ute. Natt til fredag kom det mykje snø og den har ligge heilt til i dag. Den ligg her endo men no meir stykkevis og delt i fonner der vinden ville ha den.
I dag har me vore ute og leika oss i snøen med kjekke tantebarn. Me har aka og stått på ski. Kjempe gøy! men det blei kaldt etterkvart, endo me hadde fyr i bålpanna.


No pakkar eg sekken og gjer meg klar til å venda naso mot varmare strøk. Nermare bestemt Rio de Janeiro! Det å reise til Sør amerika og spesielt til Brasil har vore ein draum i mange år og endelig skal det skje! Eg skal ner og møte desse kjekke jentene som er ute og reiser rundt i verda i 4 1/2 månad. Les meir om turen deira i bloggen 4 1/2. Eg gledar meg!


Eg reiser på tirsdag og skal vera vekke i to veker. No er eg altså i gang med å pakke sekken. Alle reiseråd seier at ein må pakke mykje mindre enn ein har tenkt. Så eg har no prøvd det, men sekken ser ut til å bli full likevel. Så då er spørsmålet om eg skal ta ein større sekk, eller ha med endo mindre?? For å pakke smart tenkte eg det hadde vore praktisk å ha posar å sortere ulike ting i. Eg sydde meg difor ein pose til å ha skittentøy i. Eg hadde og tenkt å sy ein pose til undertøy og ein til sko, men det ser det ikkje ut som eg får tid til.


Så då seier eg takk og farvell til snøen og gjer meg klar for sommar, sol og karneval :) Adeus!

tirsdag 24. januar 2012

Inspirasjon

Til jul fekk eg eit abbonoment på SY magasin av mine kjære søstre med familiar. Ein super gaveide! Eg har venta og gleda meg og i dag kom det endelig i posten. Det er fullt av inspirasjon og oppskrifter, så kjekt!
Bladet minner meg om folkehøgskulen, der eg gjekk på tekstilforming og interessa for søm eigentlig starta. Der var me på biblioteket i Koparvik og lånte utgaver av eit sy-magasin og bestillte stoff frå Stoff og Stil i bøtter og spann. Gode minner :) Kjenner kreativiteten snik seg på når eg blar gjennom magasinet. Håpa det gir seg utslag i praksis også.





Enn så lenge skal eg kosa meg med inspirasjonen og ein god kopp te!
God kveld til deg :)

torsdag 6. oktober 2011

Ryddebyge og sofaputer

Plutselig kjem den over meg, Ryddebyga. Ei veldig trang til å rydde pressar seg på. Eg får masse energi som MÅ kanaliserast i rydding. Den kjem heilt utan forvarsel og i ulike samanhengar. Muligens blir det utløyst av rot, men det er ikkje automatisk sånn at om det er rot så kjem den. Då hadde den nok komme oftare.
Det går unna i ein fei, eg gjer mange ting samtidig og nermast kosar meg med det. Det gjeld å utnytte byga når den først har meldt sin ankomst. For plutselig blir den vekke, like fort som den kom. Helst før eg blei ferdig med det eg begynna på. Iallefall før eg blei ferdig med alt som skulle vore gjordt. Så står eg der aleine tilbake, med eit berg av arbeid som skal gjerast, og alt er like kjedelig igjen.

Ein rydda versjon av stova, med nysydde puter i sofaen. Håpar me ikkje blir veldig lei av lilla med det første.



mandag 8. august 2011

Silkekjole

For fleire år sidan arva eg ein kvit silkekjole av tanta mi. Strikken måtte strammast noko og når eg først var i gang med det tenkte eg at eg kunne jo endre litt på designen og. Eg demonterte difor heile kjolen. Kjempe ide! Det ente med at den blei liggande i diverse skuffer og skap, bortgjømd og slett ikkje ein silkekjole verdig. Eg har hatt fleire idar oppover korleis eg kan fikse den, men har aldri gjennomført nokon av dei. Eg har fleire gongar angra på at eg ikkje bare hadde den slik den var, for den var jo fin slik.
Her ein dag satt eg og surfa på nettet og var innom nokre klebutikkar. Då plutselig såg eg heilt for meg korleis eg skulle ha kjolen. Eg gjorde det heilt enkelt, sydde ein saum oppe og drog eit silkeband gjennom, rynka til og sydde saman i sidene. Endelig er silkekjolen klar til bruk!