Viser innlegg med etiketten friluftsliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten friluftsliv. Vis alle innlegg

lørdag 4. februar 2012

Frå vinter wonderland til varmare strøk

Her er det vinter ute. Natt til fredag kom det mykje snø og den har ligge heilt til i dag. Den ligg her endo men no meir stykkevis og delt i fonner der vinden ville ha den.
I dag har me vore ute og leika oss i snøen med kjekke tantebarn. Me har aka og stått på ski. Kjempe gøy! men det blei kaldt etterkvart, endo me hadde fyr i bålpanna.


No pakkar eg sekken og gjer meg klar til å venda naso mot varmare strøk. Nermare bestemt Rio de Janeiro! Det å reise til Sør amerika og spesielt til Brasil har vore ein draum i mange år og endelig skal det skje! Eg skal ner og møte desse kjekke jentene som er ute og reiser rundt i verda i 4 1/2 månad. Les meir om turen deira i bloggen 4 1/2. Eg gledar meg!


Eg reiser på tirsdag og skal vera vekke i to veker. No er eg altså i gang med å pakke sekken. Alle reiseråd seier at ein må pakke mykje mindre enn ein har tenkt. Så eg har no prøvd det, men sekken ser ut til å bli full likevel. Så då er spørsmålet om eg skal ta ein større sekk, eller ha med endo mindre?? For å pakke smart tenkte eg det hadde vore praktisk å ha posar å sortere ulike ting i. Eg sydde meg difor ein pose til å ha skittentøy i. Eg hadde og tenkt å sy ein pose til undertøy og ein til sko, men det ser det ikkje ut som eg får tid til.


Så då seier eg takk og farvell til snøen og gjer meg klar for sommar, sol og karneval :) Adeus!

fredag 11. november 2011

Eit glimt av sol :)

For å nyte litt av sola i dag, gjekk eg til Brakhaug rett etter jobb. Eg hadde håpa å nå sola der oppe, for eg såg ho var der då eg køyrde heim. Eg var nok akkurat litt for sein, men fekk med meg ein flott solnedgang istaden. 
 På veg ned møtte eg på denne karen. Eg smaug meg innpå for å få eit godt bilete, men når han begynna å komme mot meg kjente eg eit behov for å skunte meg vekk og ta ein omveg rundt han og kameratane hans. Han har jo tross alt ganske store horn! 
God helg i finaveret! 

torsdag 29. september 2011

Dagens kvardagsdrama :)

Midt oppi ein svært stressande situasjon på jobb i dag, set eg meg ner på huk. Riiitjs seier det då, "det kan ikkje ha vore det det høyrtes ut som" tenkte eg, såg ner og konstanterte at jo da buksa var revna! Lengst oppe på låret var eit godt stykke hud komme til syne. 
Dette kan slik eg ser det komme av ein av to årsaker, 
1: eg har lagt meir på meg enn eg trudde den siste tida. 2: Eg har bare utslitte kler. 
Eg valgte sjølvsagt å gå for den siste forklaringa, då tiltaka i dette tilfellet fristar til gjennomføring. Sidan eg uansett hadde fleire ærend på senteret etter jobb, drog eg singletten godt ned på knerna og gjekk på shopping. Eg gjekk der til innkjøp av ei ny bukse med det samme! I ein størrelse for liten... Det var jo på ingen måte særlig rasjonelt, sidan eg gjekk rundt med ei spjæla bukse, så kvifor seier du? Den var på salg kan vita! 


I kveld har eg vore på fjelltur etter gamalt. Dette heng på ingen måte saman med den spjæla buksa (jamfør årsaksforklaring nr 1). Det heng utelukkande saman med dette merkelige, men deilige fenomenet som føregjekk utanfor dørene i dag. Dei kallar det vsitnok "Godt vær", og slik må nytast når det plutselig finn det for godt å dukka opp. Eg tok ikkje med kameraet, noko eg angra på når eg kom til topps, for der var det nydelig, med sol og fine haustfargar i fin harmoni. 

torsdag 16. juni 2011

meir padling

I går var me på kajakkurs i regi av Kvinnherad turlag. Der fekk me læra ulike padletak og redningsteknikk. Veldig kjekt å få ei innføring i korleis det skal gjerast. Eg fekk og prøve korleis det er å kantre båten og komme seg utav den under vatn. Fant ut at det var kaldt, så eg trur eg droppar å kantre meir før det blir varmare i vatnet ;) Har kvidd meg litt for å padla på sjøen, på grunn av bølgene, men det var jo bare kjekt! Kurset var på Sunde, ein veldig fin plass for padling! Me fant jo selfølgelig og ut at me må skaffa oss meir utstyr, det finst jo så mykje ein kan få brukt for!
Desverre har eg ingen bilder i dag for det vanntette rommet eg la kameraet mitt i var vist ikkje heilt tett likevell, så kameraet ser ut til å ha tatt kvelden :(

mandag 6. juni 2011

Jomfruturen

Eg er blitt reder. Eg har gått til anskaffelse av ein flåte beståande av to båtar. Flotte er dei. Av typen kajakk :) I går etter stietid prøvde me dei for første gong.


 Tenkte det var greit å begynna på eit vatn, så me satte dei ut på Opsangervatnet. Etter ein litt nervøs start tok me like godt å padla rundt heile vatnet! Kan sei musklane verka etterkvart!

 Den fornøyde redaren ;)


Idyll!
 Når eg såg bort frå verkande musklar var det ein flott opplevelse! Gledar meg til fleire stunder i kajakken :)


Sjølv om eg ikkje havna uti vatnet (ikkje verst bare det!), var eg kliss blaut når turen var over. Spruttrekk er nemlig sånne avanserte greier som ein ikkje prøver seg på første turen!?! Det merklige var at dei andre var heilt tørre... E vist ikkje meininga å ause vatn opp i båten med årene... Ja ja ein lærer så lenge ein lever :)

søndag 27. mars 2011

Ut på tur :)

Eg likar godt å gå på fjelltur. Her har eg mange turmulighetar rett utanfor stovedøra.

 Brakhaug er ein fin liten skogstur som ligg rett bak huset. Ganske bratt opp, så kondisen får kjørt seg. Fin tur å gå ein formiddag før seinvakt.

 Fjelltrimgruppa har lagt ut bøker på kvar ein topp. Her gjeld det å samla nok poeng.

 Utsikten frå toppen

På fredag gjekk me til Gråskallane, fyrste gang for meg. Ein veldig fin tur og kjempe flott utsikt frå toppen. Var litt isete oppover fremdeles, håpar det forsvinn snart.

Litt kald vind på toppen

No ser eg fram til all snøen forsvinn, så eg kan utforske dei høgare toppane i bygda.
God tur :)

tirsdag 15. februar 2011

Vrrrrrrooooom!

Detta e GØY :)

Takk for turen kjære :)
og takk for lånet!