Viser innlegg med etiketten venner. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten venner. Vis alle innlegg

mandag 23. mai 2011

Deilige Danmark

Du veit den delige følelsen av å komme ut av eit fly og varmen bare slår i mot deg? Va vell ikkje heilt sånn, men ikkje langt i frå, når me kom til Danmark i helgo. Me reiste frå surt og kaldt regn og landa i sol i sommerland :) Turen gjekk til Odense, på besøk til Hedda og Martin.

Toget frå Kjøben

 Sigthseeing i Odense




  
Etter eit inngåande studie i danskane sin drikkekultur kom me fram til at den er ganske lik vår eigen. Største forskjell er at dei går ut når me går heim. Så nordmenn som hadde vore på reis sidan klokka 5 om morgonen blei i overkant trøtte ;)

  
 Frukosten blei servert ute kvar dag, med ferskt brød frå bakeren :)

Deilig vær, flott plass, god mat, kjekke folk! Ja da e deilig å vera norsk i Danmark :) Takk for ei fin helg!

søndag 15. mai 2011

Eurovision Song Contest

I går var eg på Eurovision party hos mi gode venninde Kjersti saman med ein gjeng flotte jenter :) Litt skeptisk på førehand, men instillt på å legge fordommar til side og leva meg inn i Grand Prix verden med all dets glitter og stas. Med poengark og ei super engasjert vertinne måtte ein bare la seg rive med. Kostymer, musikk og framføring blei nøye vurdert og nokre av sangane var jo riktig så fengande. Poenga satt lausare etterkvart, sjølv om eg fekk skjeft for å vera for streng. Etter ein uforglemmelig quiz som pauseinnslag, havna mine favorittar langt nede på lista og det såg ei stund stygt ut som at Sverige skulle vinne!Men Aserbajdsjan seilte forbi som rett var :) Trur rett og slett eg er blitt bitt av basillen ;)


Kvelden enda på Pingvinen, med verdens beste popcorn!

lørdag 1. januar 2011

Godt nyttår!


Eit nytt år står for døra og det ukjente ventar. Tida er inne for nye draumar og eit tilbakeblikk på året som gjekk. Nokre intrykk frå tjueti: snø, 25, gode venner, sørlandferie, Green Day, trening, kvalme, nytt tantebarn, forlover, utdrikkingslag, bryllup i Frankrike, jentetur til London, gravide venninder, kjekk jobb og gode kollegaer, arbeidsledig, ny jobb, oppussing, vannlekasje, frå Bergen til Kvinnherad.
Det nye året blei tatt i mot heime i dalen saman med alle søstrene med sine respektive.
Ønsker alle eit strålande godt nyttår!

søndag 5. desember 2010

Ei super helg :)

Denne helga har eg vore i Bergen, har vore på to julebord og besøk hos ei god venninde. På torsdag var det julebord med gamle kollegaer frå Wergeland på Dickens. Veldig koselig å sjå dei igjen og eg savna dei og jobben endo litt meir :)


På fredag var eg på lagunen og fekk gjordt litt ærend. Da vil sei eg fekk sost litt rundt og egentlig ikkje gjordt halvparten av det eg skulle. Ikkje fann eg gardiner heller. På kvelden besøkte eg mi gode venninde. Sist eg var der spurte hennar 3 år gamle datter om eg ikkje kunne sove hos ho, eg svara at det får bli ein anna gong. Så denne gongen var ein anna gong og eg var på overnattingsbesøk :)

julekortproduksjon

Etter eg har flytta frå byn er eg no blitt ein reser på å køyre i byn! Litt ironisk, det er jo ikkje meir enn eit par månader sidan! Då kvidde eg meg for kvar gong eg skulle ut og køyra og køyreturane var prega av nervøsitet. No har eg bare satt meg i bilen og ikkje tenkt særlig meir øve da! I går starta eg dagen på Ikea. Ikea ein lørdag i desember! Eg trakk pusten før eg gjekk inn og tenkte at no e da bare til å bevara roen og ikkje la deg stressa! Da gjekk faktisk øverraskande greit, sjølv om eg kjente irritasjonen stiga litt når folk satt handlevogner i frå seg slik at dei sperra vegen for alle andre!! Fekk ikkje tak i alt eg hadde tenkt her heller men litt fekk eg no med meg ut att. På parkeringsplassen traff eg tilfeldigvis på søstera mi Anna og kjæresten Sindre. Fleire som synes Ikea på ein lørdag i desember var ein god ide :) Og etterpå møtte eg søstera mi Karna og min veldig sjarmerande tanteunge :)
I går kveld var det klart for julebord nummer to. Vennindejulebord med tre gode venner :) Me pleie sjelden å klara å treffast alle samtidig, men fekk det altså til no! Me var på Bølgen og Moi og åt. Nydelig mat og fantastisk service! Veldig kjekk kveld jenter! Da må bli ein årleg tradisjon!



I dag har eg sove lenge og no skal eg rydda litt i leiligheten før eg reise på heim igjen.