Viser innlegg med etiketten strikking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strikking. Vis alle innlegg

mandag 16. mai 2011

Velkommen til verden!

Det er komme ein ny baby i vennegjengen. Var og helste på han og dei nybakte foreldra på lørdag. Eit herlig lite nurk. Gratulera så mykje!


Baby på veg er jo ein fin mulighet for eit nytt strikkeprosjekt. Kjekt å strikke gaver til dei små :)


Opskrift på denne jakka fann eg på DROPS Design. Strikka av noko Dale babygarn eg hadde liggande. Litt skummelt å strikka med restegarn, for eg var ikkje heilt sikker på om eg hadde nok. Det gjekk akkuratt med litt juksing. Dette var ei ganske enkel jakke, som var kjekk og strikke. Strikka først dei to framstykka og satte så alt på ein pinne, slik at armar og rygg blei strikka i eit. Kjekt med ein ny vri og så blei det jo mindre å montere etterpå (phu!).


 Denne jakka har også heklekant rundt. Hekling har eg drive veldig lite med, så eg var litt spendt på korleis det skulle bli. Viste seg at eg synes hekling var kjekt, så no har eg sett meg ut ei veske eg vil hekle meg som neste prosjekt.

torsdag 24. februar 2011

Montering

Montering er den kjedeligaste delen av eit strikketøy. Du trur du er ferdig når du er ferdig å strikke, men egentlig er det langt der i frå.
Hausten 2009 begynna eg å strikke ei jakke til meg sjølv. Det gjekk vinter og vår, bokstavlig talt, før eg var ferdig med strikkinga. Då var eg så lei av heile strikketøyet at eg la det vekk. Det var jo uansett blitt så varmt i været at ei ulljakke ikkje var mykje bruk for (alle huske vell den varme sommaren me hadde i fjor? ;). Eg hadde likevell som mål å få den ferdig montert til neste vinter, men sidan eg ikkje synes montering er ei spesiellt spanande oppgave, har det blitt utsett. Fant det likevell fram for ein god del veker sidan. Eg gjekk i gang med godt mot. Begynna med å sy saumar med symaskin og klyppe opp til armane og i fronten. Dette gjekk jo leikande lett!  


Prøving og feiling med ulike typar sting førte til FRUSTRASJON. Fekk det ikkje til å bli fint. Eg la strikketøyet ner i strikkeveska igjen og skubba den lenger og lenger under sofaen.


 Så fekk eg ein god ide! Eg tok strikket med heim til mor og vips, der var det gjordt i ein fei :) Takk for hjelpa mamma! Fekk prøva meg litt sjølv og, så kanskje eg kan det til neste gong?


Deilig å vera ferdig! Då kan eg gå i gang med nye strikkeprosjekt med god samvittighet. Og endo er det kaldt nok til å bruke jakka :)

fredag 17. desember 2010

mitt siste strikkeprosjekt

Eg likar godt å strikke og har som regel eit strikkeprosjekt liggande. I går kveld blei eg ferdig med dette settet som eg har strikka på i haust.


Det er strikka med alpaca-garn og oppskrifta er frå DROPS design. Der er det mange fine oppskrifter, og dei er heilt gratis :)