Viser innlegg med etiketten fotoprosjekt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fotoprosjekt. Vis alle innlegg

mandag 2. mai 2011

Fotoprosjekt - Bevegelse

Nytt fotoprosjekt på gang. Denne gongen skal eg trene på å få fram bevegesle i bilda. Det er mange ulike måtar å gjere det på, blandt anna panorering, som vil sei at du følger objektet med kameraet slik at objektet blir klart og bakgrunnen blir uklar. Ein anna ting eg vil prøve meg på er bilder av rennande vatn. Det lærte eg då eg gjekk på fotokurs, men når eg har prøvd etterpå har det bare blitt kvitt.

 No har eg kjøpt meg fotostativ, så eg er klar til å gå ut og ta skarpe bilder :)

Eg har også kjøpt dei tre bøkene til Scott Kelly om digital fotografering. Bøkene er lettleste og morsomme, og beskriv korleis du skal ta bildene i praksis, veldig inspirerande. Han kjem også med mange forslag til utstyr som er kjekt å ha, så no er ønskelista utvida seg.

søndag 3. april 2011

Fotoprosjekt - kvitbalanse 2

Eg seier meg no ferdig med kvitbalanse-prosjektet. Eg er langt i frå ferdig utlært, men har fått litt meir innsikt i funksjonen. Her er nokre bilder som viser kva ulik kvitbalanse kan gjere med eit bilete.
Nr 1 er mest naturtro, dei andre i ulike fargetonar.

Med auto blei lammet meir kvit enn det eigentlig er.

Her blei lammet meir naturtro, men bordet er litt gulare enn i virkeligheten.


Litt triksing med kvitbalansen og himmelen fekk fint raudskjer. Det fekk forøvrig også snøen...

Her prøvde eg ut "preset manual - measure". Det går ut på at du tar bilete av noko kvitt først (i dette tilfelle eit kvitt ark), i dei lysforhalda du skal ta bileter i og slik stiller inn kvitbalansen på at dette skal registrerast som kvitt.

biletet over er tatt med auto kvitbalanse, dette med PRE. både fargen på arket og omgivelsane er meir rette på dette biletet. Det gir altså eit godt resultat å bruke PRE, men ein er jo då avhengig av å ha noko kvitt med seg som utgangspunkt, så det kan jo bli litt tungvindt.  

Fann blant anna ut at "cloudy" fungerer godt både ute og inne, ofte betre enn auto, og at daylight fluorescent er den beste ute i dagslys (ligg jo litt i tittelen :). No gledar eg meg til å ta til på neste prosjekt, må bare finne ut kva det skal vera først.  

tirsdag 15. mars 2011

Fotoprosjekt - kvitbalanse

For å bli betre kjent med kameraet mitt, har eg tenkt å ha eit lite fotoprosjekt der eg tar for meg ulike funksjonar eller motiv og trenar på desse ein periode.
Eg startar med kvitbalanse. Det er ikkje alltid kameraet fangar fargane i eit bilete slik du ser dei sjølv. Dette kjem av at ulike lyskilder har ulik farge, men hjernen vår korrigerer fargane i ulike lysforhald, slik at kvitt ser kvitt ut uavhengig av lyskilda. Du kan bruke kvitbalanse for enten å få fargane så likt slik du ser dei eller for å skapa dramatiske effektar.
Bli gjerne med på prosjektet! Eller kom med forslag til andre tema.
(På grunn av tregt internett fekk eg ikkje lasta opp bilder i dag, kjem seinare :)