Viser innlegg med etiketten vetleguten. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vetleguten. Vis alle innlegg

fredag 4. oktober 2013

Uteplassen

Utenfor huset har det skjedd store forandringar i det siste. 

Eit litt dårlig før-bilde, men det er vist det einaste eg har. Bilvegen gjekk rundt heile huset. Det var liten plass å snu bilen på og grusen var laus, så det å rygga opp var ikkje aktuellt (for meg iallefall;). Ved sida av huset var det ein ganske bratt plen, med frukttrær.


No har me fått stor parkeringsplass, med eigen snuplass :) Fruktræra måtte bøta med livet i prosessen. 

På framsida er veien vekke og me har fått ein fin flat plen :) eller det blir plen der til våren iallefall. Eg e så fornøyd! Grei utsikt frå hagen dette :) 

Vetleguten er storfornøyd når han får vera ute og jobba :) 



lørdag 31. august 2013

Oppussingsrapport :)

Sjølv om sommaren er den travlaste tida for bonden min, har me fått gjordt litt i huset. Vegger er reve og nye er sett opp. Tapet er reve, nokre vegger er grunna og sparkla og nokre takplater mala. Prosjektet batt på seg når me bestemte oss for å utvide trappeholet for å sette inn breiare og slakkare trapper. Dei som var der var veldig smale og bratte. Så no går me for åpen trappeløysing frå kjellar til loft. Det innebar flytting av berevegger og mykje ekstra arbeid, men resultatet kjem til å bli så bra :)

Vetleguten kryper rundt i full fart og utforskar verda rundt seg, så det går ikkje så fort med oppussinga for hønemor (ja så er eg vist blitt det eg og ;), som passar på! 

Me har bestemt oss for å gipsa stova, kjøkkenet og gangen og male rett på den. På soveromma vil me prøve å male på dei platene som var der. Så no har eg vore og fått meg fargeprøvar som eg har hengt opp inni huset. Det meste blir kvitt, men eg vil ha eit innslag av turkis. Må jo ta opp noko farge frå den flotte sjøutsikta vår! 



onsdag 12. juni 2013

Ny dress av gammal jakke

Eg har eit lite lager i skapet av kler eg har tenkt å fikse litt på for å fornye dei litt. 


Denne jakka har eg arva frå svigermor, eg hadde tenkt å bare endre snittet litt på den, slik at den blei litt meir figurnær. Men sidan den bare blei liggande og liggande utan at eg fekk gjordt noko med den fekk eg ein ny ide! 


 Fram med saks, målband og symaskin...


 og tilslutt enda det opp som sparkedress til vetleguten! 
Stilig? Det synes eg :) Gult er kult!