Viser innlegg med etiketten Kler. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kler. Vis alle innlegg

onsdag 3. april 2013

Farge ull

Kvite ullkler e veldig fint på vetleguten synes eg. Då ser han ut som den søte uskyldige engelen han er :) men kvite ullkler får fort flekkar på seg, som ikkje går vekk i vask. Difor har eg testa ut å farge nokre plagg med wilton konditorfarge. Fargane kjøpte eg på amazon.com ( ilag med mykje anna kjekt ;).


Eg tok vatn og eddik i ei ildfast form og la plagga oppi. Hadde Varmt vatn i eit beger som eg blanda fargen oppi og helte det over i forma. Satte så forma i ovnen på 120 grader i ca 30 min. Då var all fargen absorbert inn i plagga og vatnet i forma var heilt blankt igjen. Oppskrifta fann eg her



Resultatet blei ikkje heilt bra, litt skjoldete og svak farge. Eg hadde to bodyar i samtidig så tenkte det kunne vera grunnen. Difor prøvde eg ein gong til med bare eit plagg. Resultatete blei mykje betre, men fortasatt litt skjoldete, men det kan jo vera dei samme skjoldene som satt igjen frå første forsøk?



Når eg først skulle prøva ut konditorfargane måtte eg jo prøva dei på desse gulrotmuffinsane og! Sjølvsagt orange til dei :) Desse muffinsane er best med ostekrem på, men sidan eg ikkje eter mjelk og gluten for tida blei det ein melangeglasur istaden. Melange, melis og eit egg blanda saman. God den og, men ikkje heilt det samme. I muffinsane brukte eg Toro sitt glutenfrie mjøl og fiber husk, dei blei veldig gode :)
  

onsdag 20. mars 2013

Retro kler

Svigemor har tatt vare på kler frå min kjære og søskeno hans var små, desse fekk eg forsyna meg med her ein dag. Synes det var mykje stilig der, og at dei er så godt i hold 30 år etter dei var i bruk er ganske inponerande. Her er eit lite utvalg av det eg fann :) Stilige fargar og stilige snitt!