Da finnes så mykje fint dansk design!! Fekk ein liten smakebit i helga då eg var og kikka litt i nokre interiørbutikkar i Århus. Mykje eg gjerne skulle tatt med heim, men vanskelig å få plass i kofferten. Denne vasen klarte eg ikkje sette frå meg, så den fekk bli med heim :) Kanskje kjem det små blomar plukka med barnehender i den etterkvart?
tirsdag 25. september 2012
lørdag 25. august 2012
Nye og gamle sko
Eg synes det er vanskelig å finne sko som eg blir heilt fornøyd med. Eg bruker difor lang tid på å finne meg nye sko. Dei må jo både vera behagelige å gå med og sjå bra ut på foten. For det er jo ingen automatikk i at dei som ser stilige ut på hylla og ser stilige ut på foten. Nei nokon blir klumpete på, medan andre får foten til å sjå ut som den er to meter lang. Behagelige sko som samtidig er stilige er det langt imellom.
Når eg fyrst finn meg sko som både passar bra og ser bra ut blir eg svært glad i dei. Dei blir brukt vel og lenge. Ja eg må jo bruka dei lenge for eg finn jo ikkje nye som er like bra! Dei blir jo gjerne litt slitt etterkvart. I sommar fant eg meg i den situasjonen at ALLE skona mine hadde hol både her og der. Eg fekk beskjed av min kjære at dei var bare å KASTA! Nei tenka meg t, dei e jo så gode å gå i! Greit nok, dei e vel ikkje lika stilige lenger som dei var når dei var nye, men eg kan iallefall ikkje kasta dei før eg har kjøpt meg nye! Du har jo skapet fullt av sko !?! får eg høyra då. Joda det står vel nokre sko i skapet, men da e jo ikkje akkuratt den typen sko. Og da e no plass til nåken til, kan jo stabla litt fleir i høgda og i eine hylla går det nok å stikke inn eit par til inni hjørna der?
No har eg altså gått heile sommaren og leita etter sko i både inn og utland, utan resultat. Så her ein dag gjekk eg på nett på brandos.no og gjekk bananas. Eg bestillte ein heil bøling med sko. Fleire måtte returnerast fordi dei ikkje passa eller ikkje såg så bra når dei var komme på foten. Men heile tre par sko fekk bli igjen. To eg var veldig fornøyd med og eit par eg var for usikker på til å senda tilbake.

Så då får eg vel kanskje kasta dei gamle då? E litt i tvil endo, for dei e jo gode å gå i ;) men han som eigde dei kleda eg ein gong kasta fordi det var hol i dei, synes vist det er min tur og kasta. Me treng vist og å få rydda i skapet på gangen seiest da...
fredag 27. juli 2012
Tvillingfødsel og miniatyrkalv
I går fekk me tvillingar i floren. To skjønne små stutekalvar.
Naboen fekk også tvillingkalvar tidligare i veka. Dei var litt meir spesielle, dei var bittesmå! Bare den eine overlevde, men gu kor herlig den er :)
Bilde viser kanskje ikkje heilt kor liten den faktisk er, men den veg 10kg, medan ein normal kalv veg mellom 40-60kg. Ellers er den heilt normalt proporsjonert, bare i miniatyr :)
Mini fekk ut og springa, og poserte villig for fotografen!
lørdag 21. juli 2012
Stilig fotoveske
Terese med bloggen TBfoto gir vekk ei kelly moore veske. Dei er utrulig stilige! Ei sånn har eg lyst på! Å velga seg ut ein favoritt er ikkje enkelt, men eg landa tilslutt på denne:
Så då er det bare å krysse fingrane og håpe eg vinner :)
torsdag 19. juli 2012
Framkomstmiddel
Vekas utfordring hos Alt som er vakkert er framkomstmiddel. Eg var på Rhodos forige veke, og der kom eg over denne sjarmerande gamle bilen. Den såg imponerande nok ut som den fortsatt var i bruk.
tirsdag 26. juni 2012
Stockholm
I helga var me i Stockholm for å feire mamma sin 60årsdag. Hipp Hurra for den flotte mammo mi :) Ho har bursdag på santhansafta og dagen blei feira på Skansen ilag med heile familien. Der fekk me deilig middag i ein kosleig resturant, tre byttor, før me tok ein svingom med gammaldans. Kjekt å friska opp kunskapen frå leikaringen i Mauranger :)
Alle stockholmarane hadde imidlertid emigrert byen for å feira midtsummar andre plasser, så det var ein rolig atmosfære i byen heile helga. Dei fleste butikkane var og stengte, så det blei dårlig med shoppinga.
Dette var mitt fyrste besøk i Stockholm, og til tross for stengte butikkar, var intrykket bra. Veldig koselig med skjærgården og dei ulike holmane bydelane ligg på. Me var skikkelig turistar og tok hopp-av-hopp-på båt i sundet frå bydel til bydel.
Me besøkte Vasa-museet og Junibakken; ein tur inn i Astrid Lindgren sin verden, det vekka gode barndomsminner frå tvseriar og bøker som mamma las for oss. Me var ein tur innom tivoli og traska gjennom gatene i gamlebyen. Det var min absolutte favorittbydel med sine trange smug og "mysiga" gater.
Og så var me altså på Skansen, der det er samla gamle bygningar frå ulike stader i sverige i tilegg til ein dyrepark. Bjørnane var spesielt fasinerande, der dei leikesloss i kulpen sin.
For eit par år sidan kom eg over ein nettbutikk som eg forelska meg i og som eg har vore innom i dann og vann; Tjallamalla. Den har utsalg i Stockholm og eg hadde bestemt meg for at om eg skulle reisa til Stockholm så skulle eg besøke den. Nokre butikkar var opne, så eg hadde eit lite håp. Eg hadde funne adressa og me traska rundt i Södermalm og leita etter den. Gleda var stor då me fant den, og skuffelsen stor då den var stengt. Får nok bare handla på nettet likavell :)
Takk for ei fin helg til alle som var med :)
Alle stockholmarane hadde imidlertid emigrert byen for å feira midtsummar andre plasser, så det var ein rolig atmosfære i byen heile helga. Dei fleste butikkane var og stengte, så det blei dårlig med shoppinga.
Dette var mitt fyrste besøk i Stockholm, og til tross for stengte butikkar, var intrykket bra. Veldig koselig med skjærgården og dei ulike holmane bydelane ligg på. Me var skikkelig turistar og tok hopp-av-hopp-på båt i sundet frå bydel til bydel.
Me besøkte Vasa-museet og Junibakken; ein tur inn i Astrid Lindgren sin verden, det vekka gode barndomsminner frå tvseriar og bøker som mamma las for oss. Me var ein tur innom tivoli og traska gjennom gatene i gamlebyen. Det var min absolutte favorittbydel med sine trange smug og "mysiga" gater.
Og så var me altså på Skansen, der det er samla gamle bygningar frå ulike stader i sverige i tilegg til ein dyrepark. Bjørnane var spesielt fasinerande, der dei leikesloss i kulpen sin.
torsdag 31. mai 2012
Uterom
Det beste med huset me bur i no, er uteromma. No har me hatt strålande vær ein periode og har virkelig nytta det til det fulle :) På terassen har me fått spisebord og stolar, som grillmaten kan inntas frå. Og endelig har eg fått brukt den nye daybeden min!
Herligt å ligga her og kosa meg med eit blad, medan sola steiker.
På framsida av huset har me satt ut hagemøblane me hadde i byn. Her e da deilig morgonsol og perfekt til å innta frukosten.
Har planta jordbær i baljen i år, spendt på om da kjem noko. Har og plana om å planta i krukker på terassen, men har ikkje funne dei rette krukkene endo.
Herligt å ligga her og kosa meg med eit blad, medan sola steiker.
På framsida av huset har me satt ut hagemøblane me hadde i byn. Her e da deilig morgonsol og perfekt til å innta frukosten.
onsdag 9. mai 2012
Visning
I dag er det visning i Grønnestølsveien 40. Gå inn på Finn og sjå kor flott leiligheten er :)
Eg kjenner at eg har blanda følelsar til visningen. På den eine sida er eg spent. Kor mange kjem? Vil dei like det dei ser? Vil det komme inn bud?
På den andre sida er det vemodig. Eg har likt meg så godt, i leiligheten og i Bergen. Når leiligheten er solgt, er det eit endelig punktum for tida i Bergen. Neste gong eg kjem skal eg ikkje heim. Eg skal bare på besøk. Eg vil nok savna å vera heima i Bergen.

tirsdag 8. mai 2012
Mai i forkledning
Kom mai du skjønne milde
gjør skogen atter grønn
og la ved bekk og kilde
fiolen blomstre skjønn
hvor ville jeg dog gjerne
at jeg igjen deg så
Akk kjære mai hvor gjerne
gad jeg i marken gå
Akk, ja eg hadde virkelig tenk at i marken å gå i dag,
men da virke som om mai har kledd seg ut som oktober eller februar
og innbyr så vist ikkje til å gå ut i da heila.
Istaden har eg fyrt i ovnen og sitt inne
og høyrer på vinden som ular og regnet som piskar mot glaset,
medan eg ventar på at mai skal vise sitt sanne eg
skjønn og mild
og eg skal springa i skogen
høyra fuglane kvitra
sjå på blomane ved bekken
Akk kjære mai
kom mai!
tirsdag 17. april 2012
Avslutningshelg i Bergen
I helgo var me i Bergen og gjorde siste innspurt i leiligheten, så no er den gullande rein og heilt salgsklar. Me har hatt tradisjon med familien til min kjære at dei har komme ei helg til byn før jul; mor, far, søster med mann og tre skjønne små. E jo ikkje verdens største leilighet, men da har vore plass nok til alle likavell :) No fann me ut at me måtte ha ei avslutningshelg i byn alle mann før leiligheten blei solgt. Senga har me flytta heim for lenge sidan, så det blei madrasser og feltsenger på golvet. Obligatoriske besøk på akvariet og i badeland blei gjennomført. I tillegg var eg ute og møtte folk frå ergoterapiklassen på lørdag. Veldig kosleig.
Her er litt bilder frå den fine leiligheten vår. Kjente det var litt vemodig å reise frå den, men trur nok eg lure meg til eit besøk til før den blir solgt.
Her er litt bilder frå den fine leiligheten vår. Kjente det var litt vemodig å reise frå den, men trur nok eg lure meg til eit besøk til før den blir solgt.
| Stova, med fin utsikt over Minde, Landås og Ulrikken. |
| plass til kjøkkenbord i stova |
| Deilig varme med vedfyring! |
| Bardisk på kjøkkenet |
| Eikekjøkken |
| Det flotte nye badet heilt ferdig :) |
| Det største soverommet med utgang til balkongen |
| Det minste soverommet |
Abonner på:
Innlegg (Atom)