onsdag 12. januar 2011

Ein god kopp te :)

Eg likar å starte dagen med ein god kopp te. Ein perfekt start på dagen!
 Denne koppen er min absolutte favoritt-tekopp. Den er stor og god og så er den jo veldig stilig. Fekk den til bursdagen min for fleire år sidan av ei god venninde, og den har vore flittig i bruk heile tida.


 Til jul fekk eg denne stilige teboksen. Eg hadde boksar av denne typen på ønskelista mi, og fekk mange forskjellige. Denne boksen fekk eg med mykje god te til. Eg er veldig glad i å prøva ut ulike typar te og her var det mykje forskjellig.


Blandt anna fekk eg Yogi-te i mange ulike smakar. Likar godt at kvar tepose eit lite sitat på seg.
Dagens sitat var:
"those who love themselves can share love".


Eg pleier og å kjøpe te i lausvekt. Min favorittbutikk for det er herskap og tjenere, den koselige butikken som ligg øverst i galleriet i Bergen. Der er det mange spenande smakar og eg kan kjøpe så mykje eller lite eg vil, slik at eg kan prøve ut mykje forskjellig utan å måtte kjøpe ein heil pose. I tillegg har dei jo masse stilige ting og kler.

2 kommentarer:

Fru Lykle sa...

Så artig! i dag har eg og teke bilde av tekoppen min med yogi-te og tenkte at eg skulle skrive eit inlegg om det :) eg og synes det er veldig koselig med sitata på te-lappane. kjekt at du likte boksen og teen :)

Kjersti sa...

Åååå! Jeg har akkurat samme tekopp, den er fin altså! :-) Og så gøy med ordtak på hver tepose, tror jeg må få tak i de!!! =)