torsdag 7. februar 2013

Eit lite syprosjekt

Sidan vetleguten var født for tidlig hadde eg ikkje kjøpt så mykje kler som passa til han på forhånd. Hadde jo fått beskjed om at dei minste størrelsane var det ikkje vits i å kjøpe så mykje av, for dei veks ein jo ut av med ein gong ;) Etter ymse søk på nett fant eg ikkje så mykje spennande kler, og det vetle eg fann var veldig dyrt for eit lite stykke stoff. Så eg tenkte eg kunne like godt sy nokre plagg sjølv. Eg trudde jo eg skulle ha god tid til dette, eg går jo bare heime, men tida fyk og det blir jaggu ikkje mykje tid til sying!?

Eg satte i gang og teikna mønster, prøvde å teikne av ei sparkebukse som passa godt. Men då dei ulike delane var klypt ut var alt skeivt og ingenting passa saman. Så her var det bare å teikne på nytt! Etter mykje prøving og feiling (eg trur aldri eg har rakka opp eit plagg så mange gonger før) var endelig dressen ferdig :) Men då eg skulle prøve den på vetleguten oppdaga eg at åpninga framme i armane var alt for smal, så han fekk ikkje handa ut! Nedtur. Prosjektet blei lagt vekk nokre veker, men i dag tok eg det fram igjen. Eg laga nye armar med trykknapp i, så no passar den. Ja no passar den akkuratt, ikkje ein millimeter for stor ;) Så no får me bruke den flittig før han veks ut av den.


Jaja, om det blei mykje feiling med denne dressen, så har eg iallefall lært korleis det skal gjerast til neste gong! No gledar eg meg til å ta til med eit nytt prosjekt, eg har mykje nytt stoff som ligg og ventar :)

7 kommentarer:

My Dream sa...

Gu så skjønn.... Eg har baby mønster viss du vil låna :)

gunvor sa...

Så flink du er! Kos deg med sytinga nå, snart byrjar han å kliva opp på bordet og blanda seg borti det du held på med!

Hakunamatatablogg sa...

:) takk for da! Ja da vil eg gjerne Diana :) Får ta ein trilletur i omvikdalen ein dag!

Fru Lykle sa...

Så flink du e! :) eg har sparkebukse og selebuksemønster du kan låne :)

Shus sa...

Gratulera så mykje med vetleguten, som no allerede er 10(?) veker!!

Kjekt å sy sjølv, og dressen vart eldig fin!

Kos deg med baby, og ja...tida fyke av gårde!!

Solveig

Hakunamatatablogg sa...

:) takk for da!

Anonym sa...

Så utruli kjekt å oppdage bloggen din! takk for det flotte takke kortet av prinsen, nydeli! :) og du dressen va knall stili - flinka. monica aktiv fritid hahaha