søndag 14. juli 2013

Dåp

Forige søndag hadde me dåp for vetleguten. Det blei ein flott dag der me kosa oss saman med venner og familie. Dåpsbarnet følgte opmerksomt med på alt som skjedde og storkoste seg med all oppmerksomheten. I kyrkja sovna han så godt på tante sitt fang, det skal jo bringe lykke å sove i dåpskjolen, så det var bra :) 
Været var grått om morgonen, men etterkvart skein sola og det blei ein strålande dag. Middagen hadde me på "heimen" i Herøysund. Me hadde laga koldtbord og var litt spendte på om det var nok mat. Det var heldigvis rikelig :) Kaffien flytta me opp i hagen til svigers så me fekk nyta det fine været! 
Det var ein sliten men fornøyd liten familie som gjekk til køys den kvelden.

Invitasjonane
Fann stensil til kjolen på nett. Printa ut ein tekst på blått papir og tegna av stensilen. Limte bilde og invitasjonstekst inni. 

Bordet var dekka med kvite dukar, kvitt servise og enkelt pynta med blåklokker og telys. 


 
 Bordkorta; eg printa ut 30 ulike bilder av goguten vår og limte dei på blått ark med navna på. Kan vel ikkje bli skjønnare enn det?

 Dåpskake frå Yngves.

Kransekake, med pynt som søskenbarna hadde kjøpt til Joakim.

Ein fornøyd liten familie :)

3 kommentarer:

gunvor sa...

Tusen takk for ein fin dag saman med doke! Kosa oss veldig!💝

Unknown sa...

Det var ein fin feiring! Dåke er flinke :-)

Fru Lykle sa...

Invitasjonene og bordkorta var kjempeskjønne! Det var ei flott feiring med mykje god mat :-) de er ein herleg liten familie :-) med ein herleg storfamilie!