lørdag 31. august 2013

Oppussingsrapport :)

Sjølv om sommaren er den travlaste tida for bonden min, har me fått gjordt litt i huset. Vegger er reve og nye er sett opp. Tapet er reve, nokre vegger er grunna og sparkla og nokre takplater mala. Prosjektet batt på seg når me bestemte oss for å utvide trappeholet for å sette inn breiare og slakkare trapper. Dei som var der var veldig smale og bratte. Så no går me for åpen trappeløysing frå kjellar til loft. Det innebar flytting av berevegger og mykje ekstra arbeid, men resultatet kjem til å bli så bra :)

Vetleguten kryper rundt i full fart og utforskar verda rundt seg, så det går ikkje så fort med oppussinga for hønemor (ja så er eg vist blitt det eg og ;), som passar på! 

Me har bestemt oss for å gipsa stova, kjøkkenet og gangen og male rett på den. På soveromma vil me prøve å male på dei platene som var der. Så no har eg vore og fått meg fargeprøvar som eg har hengt opp inni huset. Det meste blir kvitt, men eg vil ha eit innslag av turkis. Må jo ta opp noko farge frå den flotte sjøutsikta vår! 



2 kommentarer:

Unknown sa...

Det blir sikkert veldig fint! Gleder meg til å sjå :)

Fru Lykle sa...

Hihi! Eg e heilt sikker på at det blir veldig bra hønemor :-)