Kvite ullkler e veldig fint på vetleguten synes eg. Då ser han ut som den søte uskyldige engelen han er :) men kvite ullkler får fort flekkar på seg, som ikkje går vekk i vask. Difor har eg testa ut å farge nokre plagg med wilton konditorfarge. Fargane kjøpte eg på amazon.com ( ilag med mykje anna kjekt ;).
Resultatet blei ikkje heilt bra, litt skjoldete og svak farge. Eg hadde to bodyar i samtidig så tenkte det kunne vera grunnen. Difor prøvde eg ein gong til med bare eit plagg. Resultatete blei mykje betre, men fortasatt litt skjoldete, men det kan jo vera dei samme skjoldene som satt igjen frå første forsøk?
Når eg først skulle prøva ut konditorfargane måtte eg jo prøva dei på desse gulrotmuffinsane og! Sjølvsagt orange til dei :) Desse muffinsane er best med ostekrem på, men sidan eg ikkje eter mjelk og gluten for tida blei det ein melangeglasur istaden. Melange, melis og eit egg blanda saman. God den og, men ikkje heilt det samme. I muffinsane brukte eg Toro sitt glutenfrie mjøl og fiber husk, dei blei veldig gode :)
3 kommentarer:
ka som er forskjellen på denne fargen..og vanleg konditorfarge?
Denne er i geleform, ellers veit eg ikkje. Kan godt henda da går med vanlig farge og. Ellers kan du få av meg vist du vil prøva!
Så gøy! Gløymte å gje deg babymønster sist eg såg deg ;)
Legg inn en kommentar