Eg seier meg no ferdig med kvitbalanse-prosjektet. Eg er langt i frå ferdig utlært, men har fått litt meir innsikt i funksjonen. Her er nokre bilder som viser kva ulik kvitbalanse kan gjere med eit bilete.
|
Nr 1 er mest naturtro, dei andre i ulike fargetonar. |
|
Med auto blei lammet meir kvit enn det eigentlig er. |
|
Her blei lammet meir naturtro, men bordet er litt gulare enn i virkeligheten. |
|
Litt triksing med kvitbalansen og himmelen fekk fint raudskjer. Det fekk forøvrig også snøen... |
|
Her prøvde eg ut "preset manual - measure". Det går ut på at du tar bilete av noko kvitt først (i dette tilfelle eit kvitt ark), i dei lysforhalda du skal ta bileter i og slik stiller inn kvitbalansen på at dette skal registrerast som kvitt. |
|
biletet over er tatt med auto kvitbalanse, dette med PRE. både fargen på arket og omgivelsane er meir rette på dette biletet. Det gir altså eit godt resultat å bruke PRE, men ein er jo då avhengig av å ha noko kvitt med seg som utgangspunkt, så det kan jo bli litt tungvindt. |
Fann blant anna ut at "cloudy" fungerer godt både ute og inne, ofte betre enn auto, og at daylight fluorescent er den beste ute i dagslys (ligg jo litt i tittelen :). No gledar eg meg til å ta til på neste prosjekt, må bare finne ut kva det skal vera først.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar