torsdag 24. februar 2011

Montering

Montering er den kjedeligaste delen av eit strikketøy. Du trur du er ferdig når du er ferdig å strikke, men egentlig er det langt der i frå.
Hausten 2009 begynna eg å strikke ei jakke til meg sjølv. Det gjekk vinter og vår, bokstavlig talt, før eg var ferdig med strikkinga. Då var eg så lei av heile strikketøyet at eg la det vekk. Det var jo uansett blitt så varmt i været at ei ulljakke ikkje var mykje bruk for (alle huske vell den varme sommaren me hadde i fjor? ;). Eg hadde likevell som mål å få den ferdig montert til neste vinter, men sidan eg ikkje synes montering er ei spesiellt spanande oppgave, har det blitt utsett. Fant det likevell fram for ein god del veker sidan. Eg gjekk i gang med godt mot. Begynna med å sy saumar med symaskin og klyppe opp til armane og i fronten. Dette gjekk jo leikande lett!  


Prøving og feiling med ulike typar sting førte til FRUSTRASJON. Fekk det ikkje til å bli fint. Eg la strikketøyet ner i strikkeveska igjen og skubba den lenger og lenger under sofaen.


 Så fekk eg ein god ide! Eg tok strikket med heim til mor og vips, der var det gjordt i ein fei :) Takk for hjelpa mamma! Fekk prøva meg litt sjølv og, så kanskje eg kan det til neste gong?


Deilig å vera ferdig! Då kan eg gå i gang med nye strikkeprosjekt med god samvittighet. Og endo er det kaldt nok til å bruke jakka :)

3 kommentarer:

marte sa...

knallfin

gunvor sa...

Bare kjekt! Velkomen igjen med nye prosjekt!

Fru Lykle sa...

Så fin den blei Olaug!Såg veldig skummelt ut da bildet med saksa syns eg :)
Ho mor e no veldig god å ha når heile strikketøyet går frå å vere kos til å bli frustrasjon! :)