Forige tirsdag var vatnet på plass og me flytta inn i huset. Det var deilig å endelig vera på plass. Me fekk ein noko dramatisk start på det heile, då me første natta vakna av rennande vatn. Vannlekasje igjen! Me kjende oss noko motlause der me sat og vrei opp fille etter fille midt på natta. Oppussinga me var heilt ferdige med, blei satt tilbake eit par hakk. No har me framleis det eine gjesterommet igjen, som foreløbig står på tørk. Hell i uhellet at dette var det einaste rommet me ikkje hadde flytta ting inn på.
Her kjem ein liten rundtur i huset:
På soverommet har me lagt nytt golv, reve vekk dei innebygde skapa, tapetesert og sparkla og mala taket. I tillegg er vinua skifta i alle rom.
I stova har me malt på den gamle strietapeten. Nytt golv og nytt tak og brannmuren er fiksa på.
gløymte å ta før-bilete av stova, så dette er eit under arbeid. |
Kjøkkenet er nok det rommet eg er mest fornøyd med. Urulig kva ein kan gjere med litt maling!
5 kommentarer:
Wow så flinke dåke er!!!! Stor klem frå Gunilla
Så kjekt!
Må ta oss ein tur innom ein av dagane.
Klem F
Så flinke dåkke har vært! E må få tatt me en tur på besøk i løpet av våren :)
Så fint Olaug!:-) Gleder meg til å komme på besøk sammen med Lisa;)
Ja dåke e hjertelig velkommen alle sammen :)
Legg inn en kommentar