tirsdag 14. desember 2010

Travle dagar

Denne siste veka har flydd forbi, lite tid til blogging. Sist onsdag hadde me utrykning til byn, etter ein telefon frå naboen om at da draup vatn i kjellaren frå leiligheten vår. Me heiv oss i bilen til byn. Må innrømma at eg ikkje klarte å leva etter "hakuna matata" når me satt i bilen. Var ganske beskymra og nervøs for kva som venta oss. Me kom fram til vannlekasje på kjøkkenet, men heldigvis ikkje veldig mykje vatn. Så me håpa skaden ikkje e alt for stor.
I helga kom heile familen Flint ;) på besøk i byn, noko som er blitt ein årleg tradisjon før jul :) Akvariet, pepperkakebyen og juleshopping sto på programmet, desverre blei eg forkjøla og var eit heller slapt vertskap! 
På søndag satte me alle mann i arbeid og fekk pakka med oss mykje av flyttelasset. Har begynna å få på plass litt ting i huset, så da begynne å likna på ein heim no :) Arbeidet med badet blei jo forsinka forige veka, men no e da ferdig plata. Flinke mannen min :)

1 kommentar:

Fru Lykle sa...

huffdå! håpar det ikkje var mykje skade av lakkasjen. Så kjekt at da husa seg for då! Vil snart koma på besøk!
Klems