Denne siste veka har flydd forbi, lite tid til blogging. Sist onsdag hadde me utrykning til byn, etter ein telefon frå naboen om at da draup vatn i kjellaren frå leiligheten vår. Me heiv oss i bilen til byn. Må innrømma at eg ikkje klarte å leva etter "hakuna matata" når me satt i bilen. Var ganske beskymra og nervøs for kva som venta oss. Me kom fram til vannlekasje på kjøkkenet, men heldigvis ikkje veldig mykje vatn. Så me håpa skaden ikkje e alt for stor.
I helga kom heile familen Flint ;) på besøk i byn, noko som er blitt ein årleg tradisjon før jul :) Akvariet, pepperkakebyen og juleshopping sto på programmet, desverre blei eg forkjøla og var eit heller slapt vertskap!
På søndag satte me alle mann i arbeid og fekk pakka med oss mykje av flyttelasset. Har begynna å få på plass litt ting i huset, så da begynne å likna på ein heim no :) Arbeidet med badet blei jo forsinka forige veka, men no e da ferdig plata. Flinke mannen min :)
1 kommentar:
huffdå! håpar det ikkje var mykje skade av lakkasjen. Så kjekt at da husa seg for då! Vil snart koma på besøk!
Klems
Legg inn en kommentar