mandag 21. mars 2011

Ein hjortekommune

Kvinnherad er ein kommune med mykje hjort.
Dei er ei plage for mangen, øydelegg avlingar og et opp blomebedd.
Men flotte dyr, det er dei.
Me fekk auge på ein hjort som sto heilt i vegkanten i går. Då me stoppa opp gjorde den eit par buks opp i skråningen og stilte seg opp og såg på oss.
Litt lenger oppe i skråningen sto ein til. Me blei ståande å sjå på dei i rundt eit kvarter. Me rulla opp vindauga, tok bilete og snakka høgt, men ingenting såg ut til å sjenere dei.
Då eg tilslutt prøvde å gå ut døra for å komme endo nermare, fekk dei nok og sprang litt lenger opp i skråningen.

foto: Per Helge

Foto: Per Helge

2 kommentarer:

gunvor sa...

Flotte bilete!

Unknown sa...

Er vist ein fotograf i Per Helge og :)