lørdag 23. april 2011

Blomar i hagen

Forige veka var eg på gartneriet i Rosendal og skulle handla blomar og urner til inngangspartiet vårt. Eg falt for desse korgene og ein sinkbalje, så urner blei det ikkje denne gong. Der var mange fine planter så det blei vanskelig å velge. Eg enda opp med ein peppermyntebusk og ein anna busk eg ikkje huskar namnet på. Med den planta eg forglemmegei, ein blom eg alltid har likt veldig godt.

 Denne veka har eg hatt påskeferie og på tirsdag planta eg ut blomane. Stemorsblomar i sinkbaljen.


 Denne kransen fekk eg av svigermor før jul, då med nissar i. Nissane er pakka vekk, men synes kransen fungerer fint for seg sjølv også.


I hagen er det komme mykje påskeliljer og andre fine blomar. På nedsida er dei begynna å grave ut til terassen. No er påskeferien ferdig for min del, begynna på jobb igjen i går og skal jobbe resten av helligdagane. God påske!

2 kommentarer:

marte sa...

så fine blomar..koseleg:)

Fru Lykle sa...

Så fint det var! :)