fredag 13. mai 2011

Alle, Nokon, Einkvar og Ingen

Dette er ei historie om fire menneskjer:
Alle, Nokon, Einkvar og Ingen.
Det var eit viktig arbeid som skulle gjerast,
og Alle var sikker på at Nokon ville gjere det.
Einkvar kunne ha gjort det,
men Ingen gjorde det.
Nokon blei sint på grunn av dette,
for det var Alles jobb.
Alle trudde Einkvar kunne utføre det,
men Ingen forsto at Alle ikkje ville gjere det.
Det endte med at Alle bebreida Nokon
då Ingen gjorde det Einkvar kunne ha gjort.
- ukjent -
(for anledninga omskrive til nynorsk)

Ei fin lita histori synes eg, og lett og kjenne seg igjen i. Her i huset er det nok litt sånn når det kjem til rot og rydding. Ein dag gjekk det over alle støvleskaft og min kjære ymta frampå at kanskje me skulle hatt nokre husreglar? (Her i huset er det nemlig han som har den best utvikla ordenssansen ;) Eg reagerte med å bli fornerma; for det er jo ikkje bare mitt rot! Det var jo heller ikkje det han sa, men det var det er høyrte.
Det viste seg at nokre enkle reglar kan ha god effekt. No er kjøkkenet så reint og ryddig att! Iallefall for ei lita stund...

Alle blei glade då Nokon gjorde det Ingen ville og Einkvar kunne latt væra.

2 kommentarer:

Systrene Nilsen sa...

Det er ein søt historie:)

Artig at Pelle er den ryddigaste...det visste eg ikkje...he he

klem F

Fru Lykle sa...

Ha ha :) eg kjenne meg iallefall igjen, kunne like gjerne vore historien om dei fire søstrene ;) Kjenne meg og igjen i å bli fornerma for noko eg høyrte som ikkje vart sakt ;)
Lykke til med nye husreglar!