På Rhodos fann eg denne toppen med to av mine musikalske heltar på. Den måtte eg sjølvsagt ha, det var jo nettså den var laga til meg. Heltane er Kurt Cobain frå Nirvana og Bob Marley ♥
Dei to andre som er avbilda er eg noko usikker på kven er... Nokon som veit?
Nirvana begynna eg å lika fordi søstero mi likte dei. Men det gjekk snart over til ekte lidenskap. Kurt Cobain var nok min første musikalske forelskelse. Eg hadde poster av han hengande på rommet og skreiv stil om han på barneskulen.
Bob Marley e jo bare toppen av feelgood musikk! Ein må jo bli i godt humør av å høyre på dette :)
"Don't worry about a thing, Cause every little thing gonna be all right!"
3 kommentarer:
å so lenge sia det er sidan eg har høyrt på Nirvana :) gode minner!
Dei to andre er Jimi Hendrix og Jim Morrison. Ikkje så verst sånn reint musikalsk sett dei heller! :)
Mange gode minner :) Ja, Dei er det ja :) takk Hege! nei skal klara å forsvara å ha dei på brystet og :)
Legg inn en kommentar