Sånn levde me altså i 5 år, og trivdes med det ;) Me snakka jo om å pusse opp, men det passar somregel dårlig å pusse opp badet når ein bur der og bare har eit bad. Men no er det alså gjordt. I forige veke var murar på plass og la fliser og i helga reiste me for å sjå resultatet. Snakk om forandring! Badet er utvida og har fått svarte fliser på golvet og kvite fliser på veggene, kjempefint. I helga satte min kjære opp toalett og innredning. No manglar bare dusj og vask før det er ferdig. Jammen er dei heldige dei som får flytte inn her no!
Helga, som har hatt det finaste været i manns minne, har me i tilegg brukt til maling, listing, maling, pussing, rydding, maling og maling, med to hyggelige middagar i godt selskap som avbrekk.
Mobilbilde av det nye badet under arbeid.
Utrulig nok har me ikkje tatt bilde av korleis me hadde det. Dette er det einaste biletet eg fann, skimtar den fine tapeten og gullfigurane i bakgrunnen :)
1 kommentar:
Wow! Det var stor forandring:) Ser kjempefint ut! Ganske morsomt at dere i 5 år drev med colaflaske på nedtrekkeren osv.. hehe. Ikke alle som kan skryte av det! ;)
Legg inn en kommentar