mandag 5. mars 2012

Grønn

Grønn e min absolutte favorittfarge. Det er fargen eg alltid fell tilbake til. Eg har periodar med andre fargar, då går gjerne den eine fargen igjen i interiør og kler ein periode, før eg blir lei og går over til ein ny. Men grønn er der alltid og eg blir aldri lei av den. 

Det var då eg såg utfordringa til Mrs hardy om å vise fram det grønne eg blei oppmerksom på at eg har veldig lite grønt i huset. Joda, eg har nokre planter og innslag av grønt her og der, men det blir lite samanlikna med leiligheten i byn. Der kan ein vel trygt sei at grønn dominerte. Eg hadde min eigen grønne vegg i stova. Den fekk eg tromfa igjennom når me måtte pussa opp stova for andre gong på veldig kort tid. Den var veldig fin. *sukk*. Det grønne gjekk igjen i gardinene, sofaputene, stolputene, stearinlys, ja overalt. 

No er me begynna arbeidet med å gjera leiligheten salgsklar. I følge meglaren er vist ikkje ein grønn vegg det mest salgbare?!? Så i helga mala eg veggen min kvit! Eg trur kanskje ikkje eg kjem til å få meg ein grønn vegg igjen, så eg får vel leva på minna... og deltar i utfordringen med dei... 

Den grønne veggen. Fargen var endo finare i virkeligheten. 

Når gardinene endelig kom på plass var dei sydde i stoff med blomar i ulike grønntonar.
Grønn plante og stearinlys i bakgrunnen. 

2 kommentarer:

Fru Lykle sa...

den var no frisk og fin den grøne veggen din ;) og i følge Bolidrøm er årets interiørfarge grønt http://boligdrom.bloggr.no/files/2012/03/cover-mars-2012.jpg lykkke til i utfordringa!

Unknown sa...

Eg likte godt den grøne veggen din, og ikkje minst den nydelege grøne kjolen du har sydd. Sjølv om det ikkje har noko med interiør å gjer så er det noko grønt i heimen din :D