tirsdag 24. januar 2012

Fornying

Kjente det var på tide med ei lita fornying av bloggen. Ikkje så mykje som skal til alltid. Merkelig korleis ting som virka forfriskande før kan virka mørke og tunge etter ei tid. Synes dette blei friskt og lett! Og ute går det mot lysare tider :)

Inspirasjon

Til jul fekk eg eit abbonoment på SY magasin av mine kjære søstre med familiar. Ein super gaveide! Eg har venta og gleda meg og i dag kom det endelig i posten. Det er fullt av inspirasjon og oppskrifter, så kjekt!
Bladet minner meg om folkehøgskulen, der eg gjekk på tekstilforming og interessa for søm eigentlig starta. Der var me på biblioteket i Koparvik og lånte utgaver av eit sy-magasin og bestillte stoff frå Stoff og Stil i bøtter og spann. Gode minner :) Kjenner kreativiteten snik seg på når eg blar gjennom magasinet. Håpa det gir seg utslag i praksis også.





Enn så lenge skal eg kosa meg med inspirasjonen og ein god kopp te!
God kveld til deg :)

onsdag 4. januar 2012

Reminder to self

Eg står opp tidlig
Nåken gonga før eg har vakna
Iallefall før eg er utsoven
Det er mørkt ute når eg står opp
Det er mørkt ute når eg kjem heim
Det regnar heile tida
Sofaen er god å ligge i
Sofaen er god å sove i
Sofaen høyres ut som ein god ide
Gå ut høyres ikkje ut som ein like god ide
For eg har gløymt
At vist eg går ut
Får eg enegri
Så eg skrive da her
Så kan eg kanskje huska da ein anna gong
I dag kom eg meg nemlig ut
På tur
Då var da plutselig snø ute
Superdeilig va da
Etter at dørstokkmila var overstege
Og som bonus:
Meir energi!
Og sofaen er ein god ide


torsdag 29. desember 2011

Pinnekjøtt wrap

Det blei ei rolig og avslappande julafta på oss i år. Eg og min kjære feirte i lag bare oss to. Først gjekk me i fjøsen ilag og så bar det heim til middagslaging. Me laga pinnekjøtt, eg var litt spendt på korleis det skulle gå, er jo fyrste gong me lager det, men det blei veldig godt. Etterpå slappa me av på sofaen før me åpna pakkane. Øveraskane mykje pakkar til å bare vera oss to og me fekk mykje fint! Takk for deeet :) 


Det blei sjølvsagt ein del restar etter middagen, så i dag søkte eg råd hos min trofaste matspesilaist, Google, om kva eg kunne bruke desse restane til. Eg kom over eit tips om å ha dei til tortilla-lefser og det høyrtes jo ut som ein god ide! Eg steikte kjøttet, varma lefsene, smurte dei med rømme og hadde på det eg hadde av grønsaker. Det blei veldig godt! Så det kan anbefalst om du har ein rest ståande! 


No nermar det seg eit nytt år, med nye mulighetar. Eg har mykje spennande føre meg, blandt anna ny jobb og tur til Brasil! 

GODT NYTT ÅR! 

tirsdag 20. desember 2011

Jul i stova

Dei siste dagane har eg pynta til jul. Hadde egentlig tenkt å pynta litt tidligare, men dagane fyk avgarde så det har ikkje blitt før no. Ellers ligg eg godt ann med juleforberedelsane. Pakkane var eg tidlig ferdig med i år, dei fleste er pakka inn og nokon levert ut. Eg har vore med svigermor, svigerinna og tanteungane og baka småkaker og har vore i lefselære hos svigermor. Pinnekjøttet er bestillt. så eg føle eg e ganske klar for ei rolig og ferdelig julefeiring :) 
Her e eit lite utsnitt av vår julepynta stove:







 God jul! 

fredag 2. desember 2011

Julekalender :)

Eg har i fleire år laga pakkekalender til min kjære. Fordi eg synes det er koselig. Får julestemning av å pakke inn 24 små pakkar. I år kjente eg at inspirasjonen ikkje var heilt på plass, så eg lurte på om eg skulle droppe heile kalenderen. Istaden foreslo eg for min kjære at me kunne ha kalender annakvar dag i år, eine dagen til han og andre dagen til meg. Ideen fekk vel heller laber mottagelse, så eg tenkte at då blir det ikkje noko kalender i år. Så nokre dagar seinare seier min kjære at me får no laga kalender til kvarandre til kvar dag. På julehandel i Haugesund fekk han kjøpt alle pakkane, og 30. november låg det ein haug av gaver på golvet :) Eg e imponert!Og føle meg veldig heldig  :) Og så e da jo så kjekt med pakkekalender! Eg glede meg til å åpna dei. Nesten så eg ikkje klare å venta! Neida eg har ikkje kneppt på dei altså! nesten ikkje iallefall ;) 


 I dei to første pakkane har eg fått adventskalendera :) Ein smarties og ein flax. Søte kjæresten min :) 


mandag 21. november 2011

Lampene på plass

No er nye lamper på plass. Det blei til at eg flytta lampene me hadde på soverommet inn i stova, dei passa jo perfekt der! 

Lampene er kjøpt på Ikea. 

Nye lamper er kjøpt til soverommet. Dei var litt mindre enn eg hadde sett for meg, men eg synes dei er knalltøffe! Likar spesielt godt at dei kan snuast i alle vinklar. 



onsdag 16. november 2011

Min første bil!

Så har eg altså gått henn og kjøpt meg bil! For fyrste gong! Det er noko heilt spesielt med å vera eigar av min heilt eigen bil. Eg har lenge gått og drømt om kossen den første bilen min skulle vera...

Den fyrste bilen eg huksar, er Ladaen me hadde i barndommen. Jada eg har hørt alle vitsane, men eg blei oppriktig glad i den bilen! Den lukta bensin i fleire mil etter fylling. Seta var brennheite om sommaren og iskalde om vinteren. Men gu kor lei meg eg va den dagen me skulle bytta Ladaen ut, med ein bil som var litt meir praktisk for to vaksne og fira ungar.


bilde tatt frå maxx.no der du kan få kjøpt rosa felgar
Seinare, når eg var begynna å kikka på rånarane, drømte eg om ein prikkete bil med rosa felgar, sota ruter og ein heftig sub - slik at scooter virkelig fekk komme til sin rett. 


Like før eg blei 18 sto det ein raud Nissan cherry, med gullfelgar, til salgs rett utenfor der eg budde. Den hadde eg lyst på! Men eg tok jo ikkje lappen då, da drøyde litt med den.


I seinare tid har drømmane mine kretsa rundt ein spesiell bil. Ååå så eg har lyst på ein mini morris! Ein raud eller blå, med striper på taket. Tenk å susa rundt i ein mini! Perfekt!
bilde tatt frå mini.no der du kan få kjøpt miniar
Drrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrr! Vakn opp! 
Jaja så er den vel ganske langt i frå drømmen, men likevell: min første bil! Eg kan jo alltids lakka felgane rosa? (Så hjelpe da jo litt på at eg  får byttelåna den med sambuaren sin BMW :)




fredag 11. november 2011

Eit glimt av sol :)

For å nyte litt av sola i dag, gjekk eg til Brakhaug rett etter jobb. Eg hadde håpa å nå sola der oppe, for eg såg ho var der då eg køyrde heim. Eg var nok akkurat litt for sein, men fekk med meg ein flott solnedgang istaden. 
 På veg ned møtte eg på denne karen. Eg smaug meg innpå for å få eit godt bilete, men når han begynna å komme mot meg kjente eg eit behov for å skunte meg vekk og ta ein omveg rundt han og kameratane hans. Han har jo tross alt ganske store horn! 
God helg i finaveret! 

torsdag 3. november 2011

Eit lite syprosjekt til ein liten prins






Eit lite syprosjekt eg nettopp blei ferdig med. Må sei eg e ganske fornøyd med resultatet. Har vore kjekt å tenka på den vetle prinsen som skal ligge å sprelle i den, medan eg har sydd. Endelig er han komme og tante gledar seg til å sjå han :)